Høringssvar fra Merethe Gulhaugen

Dato: 01.10.2019

Høyringsuttalese til nasjonal ramme for Vindkraft:

Kjære Olje og Energidepartementet.

Dette er eit felles innspel frå gruppa som jobbar mot realisering av Bremangerlandet Vindkraftanlegg, en urealisert gitt konsesjon.

Vi har i overkant av 2800 medlemmar på facebook, som har som felles mål å påvirke med saklig og fagleg informasjon som vi meiner ikkje kom fram i konsesjonsvurderinga.

Sidan vårt område blei ekskludert frå nasjonal ramme på grunn av sjeldent landskap, viktig funksjonsområde for fugl, og viktig nasjonalt fugletrekk av forvaltningsprioriterte artar, så går mesteparten av våre forslag til korleis konsesjonsprosessen bør bli fagleg betre, basert på erfaring med korleis vi meiner behandlinga i vår sak har vert mangelfull. Vi meiner at innspela her vil bidra til å kraftig senke konfliktnivået kring vindkraftubyggingar i Norge.

Politisk mål / oppdrag til NVE:

Gjennom nøye lesing av ei rekke konsesjonsvurderingar, synest det for oss som at NVE sin konsesjonsprosess blir styrt av eit noko einsidig politisk mål om høgast mogleg kraftproduksjon frå vind, sjølv i tilfeller der myr og naturmangfald tilseier at prosjektet truleg verken vil bidra til å redusere klimagassutslepp, eller er forsvarleg i eit naturmangfaldperspektiv. Det blir imidlertid framheva frå NVE og OED si side at ei rekke prosjekt får avslag. Stort sett er begrunninga i dei tilfellene vekta på at kommunen er negativ, eller at det ikkje er linjekapasitet til ny kraftproduksjon i området. Det er altså relativt sjelden at natur, friluftsliv og miljøhensyn blir vekta tyngre enn behovet for ny kraftproduksjon.

I vårt tilfelle, Bremangerlandet, sa NVE nei på grunn av sumvirkningar med ei rekke andre anlegg i nærleiken. Utbyggar og Fylkeskommunen (Fylkeskommunen klagde på grunnlag av at kommunen var positiv) klaga dette inn til OED som reverserte besluttninga ved å samtidig gje avslag til eit mindre nærliggande anlegg, Vågsvåg. Vindressursar og ei positiv kommune blei spesielt vektlagd, trass i at Bremanger Kommune ikkje støtta utbyggar si klagesak, på grunnlag av at ein no såg at det ville føre til urimelege inngrep i forhald til størrelsen på kommunale inntekter.

I vurdering for avslag til Vågsvåg, kjem det fram at tiltaket ville føre til negativ bestandsutvikling på regional ørnestamme. Fåfjorden har 40% av ørn i Sogn og Fjordane. Men fleirtalet av hekkelokalitetane er konsentrert nærare planområdet til Bremangerlandet enn Vågsvåg. I konsesjonsvurderinga til Bremangerlandet blir det derimot slått fast at tiltaket ikkje ville ha negativ effekt på regional bestandsutvikling. I avslaget til Vågsvåg blei det framheva at det ville bli synlig frå viktige nasjonale og regionale friluftslivsområder på Bremangerlandet, derunder turen til Vetvika. Denne turen, som blir nytta til marknadsføring av Norge i utlandet, går direkte gjennom planområdet på Bremangerlandet. Den er ikkje vurdert i konsesjonsbehandlinga for Bremangerlandet, slik at det førelåg ei kunstig lav verknad for friluftsliv i vurderinga. Denne turen blei grundig omtalt i konsesjonsutgreing og innspel frå friluftsorganisasjonar, men NVE vurderte den ikkje. At OED heller ikkje vurderte den, og gjennomførte lokal synfaring i området i tjukk tåke, må vurderast som at OED si behandling ikkje var grundig nok i dette tilfellet.

Omtalt forskjellig vurdering av Vågsvåg og Bremangerlandet er etter vårt syn, eit klart utrykk for at NVE og OED i sine konsesjonsbehandlingar i stor grad tilpassar grunnlag for vedtak etter kva som er ei tilsynelatande førehandsbestemt politisk vilje. Vi anmodar OED om å etablere klarare rutiner for å unngå dette i sumvurderingar, legge større vekt på natur og miljøfaglege argument over politiske, samt at ein har ei offentleg høyring i klagesaker til OED slik at innspel her kan dekke eventuelle manglar som Vetvika i NVE si vurdering.

Klimarekneskap og myr:

I planområdet på Bremangerlandet er størstedelen av tilgjengeleg areal myr. Verken NVE (2015) og OED (2017) vurderte dette, anna enn å nevne at myra ikkje var forvaltningsprioritert sidan det var spor av torvuttak frå eldre tider der. Eit syn og vurdering av myr som ikkje legg til grunn myra si store kapasitet for karbonlagring er sjokkerande i så nye saker. Vi krever at dette blir retta på - klimarekneskap for kvart vindkraftprosjekt må på plass. Prosjekt som brukar svært lang tid på å tjene inn utslepp må ikkje realiserast.

I tilfeller som Bremangerlandet der elvar renn bratt ned frå myra mot bebyggelse, må NVE vurdere auka flaumfare som følge av drenering og oppstykking av myr i si konsesjonsbehandling. NVE er landets største autoritet på dette fagfeltet, så det burde ikkje vere eit praktisk problem å innføre dette.

Fugl og naturmangfald:

I Bremangerlandet si konsesjonsvurdering kunne ikkje OED fastslå at det førela god nok informasjon om trekkfugl. Difor blei konsesjon gjeven med krav om fugleradarundersøkingar i planområdet. Resultata frå dei påfølgande fugleradarundersøkingane til NINA viser at store nasjonale fugletrekk går direkte gjennom planområdet. Det fantest allereie fugleradarundersøkingar frå 2011 gjort på oppdrag frå NVE i nærleiken som antyda dette, nok til at Miljødirektoratet og NVE i 2019 brukte dette til å ekskludere området frå nasjonal ramme. Dei same målingane blei ikkje nytta i NVE konsesjonsbehandling i 2015, der fagutreder, basert på konsulentrapporter frå utbyggar, konkluderte med at fugletrekket i staden gjekk utanfor øya. Uavhengig om grunnen til at rapporten ikkje blei nytta, så hadde NVE den i sitt system, så dette er svikt i rutinene. Fylkesmannen spelte rapporten inn til NVE si klagebehandling i 2017, men OED siterte utbyggar som hevda at resultata ikkje behøvde å vere allmenngyldige frå år til år. Derfor konkluderte OED med at nye fugleradarundersøkingar var naudsynt, men gav konsesjon først.

Problemet her er i hovedsak rekkefølgen. Det blir gitt konsesjon først, og så blir det gjort store undersøkingar etterpå. Det fører til at OED og NVE blir stilt i ein vanskelig posisjon, der dei enten må trekke konsesjonen, eller la utbyggar gjennomføre ei utbygging som blir i strid med både nasjonale retningslinjer for lokalisering av vindkraftverk, Bonn-konvensjonen og naturmangfaldslova. I framtidige konsesjonssøknadar må førehandsundersøkingar med fugleradarmålingar i minimum 6 månedar bli eit absolutt krav. Kostnaden med dette vil medvirke til færre forhasta søknadar frå utbyggar, slik at NVE får meir kapasitet til behandle dei antatt betre søknadane grundigare.

Forhaldet til vernområder og pågåande prosess med supplerande vern:

I vårt tilfelle er det nå foreslått landskapsvern i tilgrensande områder til planområdet, på grunnlag av at heile platået er den einaste kystlokaliteten av oseanisk høgfjell utanom Finnmark. Eit område som overlappar med kraftlinja er foreslått som nasjonalpark. Utformingen av vindkraft, med svært høge turbinar som dominerer over store områder stiller krav til nye tankar om vern. Er det foreineleg at lanskapsvernområder blir dominerte av høge turbinar? Ein standard for minimumavstand til verna areal basert på avstand/turbinhøgd bør utarbeidast.

Forlenging av konsesjon / forlenga frist til igangsettelse:

Seksjonssjef Arne Olsen i NVE uttalte i forbindelse med vedtak om forlenga frist til igangsettelse til Andmyran, eit vindkraftanlegg som i si heilheit blir i ei djup myr, at det var "kunnskapsgrunnlaget på konsesjonstidspunkt" som skulle leggast til grunn for denne vurderinga.

OED må snarest mogleg stramme inn instruksane til NVE. Det er gode grunnar til at det er igangsettelsefrist på ein konsesjon, og når utbyggar bryt denne fristen er det difor eit brot på konsesjonen. Følgelig bør eventuell ny kunnskap takast med i ny vurdering om konsesjonen skal vidareførast. Å hevde at det er kunnskapsgrunnlaget på konsesjonstidspunkt som skal gjelde, blir like problematisk som å tillate et smelteverk bygd i 1920 om å nytte forureiningslover frå 1920. Eller å tillate folk å dumpe gamle kjøleskap frå 70-talet i hav og natur, sidan det var gjeldande praksis på innkjøpstidspunkt. Dersom ein konsesjon har ein samfunns- og miljømessig profil som ikkje lenger tåler dagens lys, må det ved søknad om forlenga frist til igangsettelse, bli gitt avslag.

Erstatning for tap av eigedomsverdiar på grunn av støy:

Støy er ein mykje omtalt problematikk ved vindkraft. I dag opererar ein med ein grenseverdi for akseptabel støy med 50dba. Dette er særs høgt i internasjonal samanheng, og mange som kjem i lavare støysoner opplever store plager, spesielt med søvn. Ein bør vurdere å senke denne grenseverdien meir i tråd med gjeldane praksis i samanliknbare EU-land.

Sjølv i sone med støy over 50dba, er det fleire som opplever det som vanskeleg å få tilstrekkeleg erstattning frå utbyggar. Ein må ofte reise sak, og då er det eit uheldig makt- og ressursforhald mellom partane. Krav til innløysing innanfor støygrenseverdisone for bustadar og hytter må bli standard.

Eigedomsprisar fell erfaringsmessig og ein del innan 35dba-sone. Krav om minneleg erstatning av tapte eigedomsverdiar som følge av støy vil bidra til å skape større lokal aksept for vindkraft, og samtidig sikre at prosjekt ikkje blir gjennomført på stadar der det vil medføre store samfunnsøkonomiske tap.

Vurdering av behovet for nasjonal plan / ramme for vindkraft:

Etter vårt syn er tiltaket med ein nasjonal plan for vindkraft i utgangspunket positivt, men vi understreker at regionale og lokale myndigheter ofte har større fagkunnskaper om enkeltområder, og må involverast grundig i prosessen. Ein slik nasjonal plan må inkludere ein grundig gjennomgang av sjølve konsesjonsprosessen, som vi har opplevd som både frustrerande og mangelfull. Framtidig utbygging av vindkraft i Norge bør vere på grunnlag av meir nøyaktige prosessar, som tek større omsyn til naturmangfald, friluftsliv og sjeldne landskap. Takten på utbygging bør følgeleg reduserast frå dagens høge nivå for å mogleggjere dette.

Ny vurdering av enkelte gitte, urealiserte konsesjonar:

I OED sitt oppdragsbrev til NVE for Nasjonal Ramme kan vi lese på side 2, tredje avsnitt: «Departementet vil på et senere tidspunkt ta stilling til om rammen skal legges til grunn for vurderinger av hvilke ikke-realiserte konsesjoner som bør videreføres…» (NVE-rapport 12-2019:)

Vi stiller oss bak at ei slik vurdering blir gjort. Det er finnest ei knippe svært konfliktfylde urealiserte konsesjonar som Andmyran og Bremangerlandet, som ved realisering vil fungere som skrekkeksempel på lokalisering. Gjennomføring her vil gi auka konfliktnivå for framtidig vindkraft i Norge. Ny vurdering av nokon av dei gitte, men urealiserte konsesjonane vil bidra til å senke konliktnivået, og samtidig vise internasjonalt at Norge overheld naturvernlovgjevning og internasjonale traktatar. I vårt tilfelle, Bremangerlandet, blei konsesjonen gitt som einaste konsesjon der NVE sitt nei-vedtak har blitt overprøvd av OED. Motivasjonen for dette vedtaket var i stor grad at kommunen var positiv. Det er i dag eit politisk fleirtal i Bremanger Kommune, på grunnlag av nye opplysingar, som går i mot etablering av vindkraftanlegget. Behovet for ein slik gjennomgang blir understreka av at Klima og Miljødepartementet i kjølvannet av kritikk frå Bernkonvensjonen om Smøla vindpark, lovde både ein nasjonal plan for vindkraft og ein gjennomgang av urealiserte gitte konsesjonar.

Dersom ein slik gjennomgang likevel ikkje blir gjennomført, ber vi om at OED ikkje gjer det til praksis å erklære konsesjon gjeldande som statlig arealplan for vindkraft. Kommunen må få behalde retten til å seie nei til arealdisposisjon for eit prosjekt, om dei i lys av oppdatert informasjon, ikkje ser som forsvarleg for naturmangfald m.m.

Beste helsing,

Gruppe mot vindkraft på Bremangerlandet