Høringssvar fra kvitesanden ferietun v/margit Eriksen

Dato: 17.08.2019

Svartype: Med merknad

NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND Margit Eriksen – Kvinnherad

Min kommune Kvinnherad er eit av områda der NVA har lagt planer for storstilt utbygging. Dette har vekt svært sterke reaksjoner hos innbyggarane og politikarane i kommunen. Me er svært samla om at utbygging her vil vi ikkje ha under noko omstendighet. . Fb-gruppa vår på ca 4500 medlemmer og den aukar stadig. Eit stort folkemøte syner unison motstand frå samtlige parti. Kvinnherad kommune er eit Norge eit nøtteskal. Me har høge og varierte fjell, isbrear, fossefall, fjordar og skjergard. I område med tenkt vindindustri, har me fjell av nasjonal verdi for fjellklatring. Fjella våre blir mykje brukt både sommar og vinter – også for folk som kjem frå andre kommunar. Fjella i Rosendalsområda er viden kjent. Melderskin, Ingahogg, Gygrastolen…Også mjelkhaug som er eit ynda turmål. Likeså er Fjelberg og deler av Halsnøy lagt inn i planen. Områder med utstrakt etablert turistdrift/ hytteutleige fortrinnsvis til tyske turister som kjem her for å sjå ein urørt og vakker natur. Eg anser ei utbygging som særdeles tragisk og raserande for både turistnæringa og innbyggarane. Me har får ei voksande stamme havørn, som også vil reduserast. I tillegg andre fuglearter og insekt. Det kjem stadig fleire rapporter på nettet om problem med lavfrekvent støy frå turbinane, at den fører til sjukdom på både dyr og menneske. Her veit ein ennå for lite om langtidsverknader. Støyen frå vindturbinane er stor og vil variere med vind. Blir av einskilde skildra som eit fly som aldri tek av. Det er folk som beskriv dei står opp om natta og set på oppvaskmaskin, for å høyra anna lyd. Skyggekast som er heilt unaturlig i eit landskap, turbinar med lys som blinkar. Det heile er eit visuelt svært forstyrrande element i naturen. Det er støy for både øyra og auga. Det kan aldri endrast i ettertid. Ein øydelegg noko særskilt verdifullt for all framtid og for dei som kjem etter oss. Vil ein verkeleg ta ansvar for dette og komme i historiebøkene? Kvinnherad kommune har bygd ut 90% av vasskrafta si og det er ikkje lite. Det burde vært rikelig bidrag for rein kraft frå ein kommune. Småkraftverk står i kø for å utnytte vasskrafta. Me kjenner sorg og forbitrelse ved tanken på at denne nydelige kommunen skulle bli råka av vindindustri. Ein energiform som er ustabil, 30% utbytte og som på verdensbasis har vist seg å være mislykka. Naturen vår er ikkje verdt dette i det heile.

Vedlegg