Forsiden

Høringssvar fra Grunneigarane i Flatfjell Utmarkslag

Dato: 30.09.2019

Høyringsuttale i høve vindmølleparkar i Kvinnherad kommune

frå Flatfjell Utmarkslag, g.nr. 119, 120, 121 og 124, kommunenr. 1224

Sårbar natur:

Fleire av grunneigarane i Flatfjell Utmarkslag har tidleg løfta fram vanskane og utfordringane ein ser med vindmøller i området Flatfjell og Solfjell. Dei ønskjer helst ikkje vindmøller i fjellet, og ser for seg at dette er eit område som til no har vore under streng regulering i høve inngrep. Det er ikkje meir enn 3 år sidan Tverrelva kraftverk fekk nei til ein enkel anleggsveg opp igjennom skogen då det skulle vera ei veglaus utbygging vart det sagt frå NVE. Dette medførte store skadar, blant anna på lyngområde rundt anlegget. Dette er sårbart område i høve grunntilhøve og flora, og det skal lite til for å øydeleggje utmark og beiteland. Arealet som trengs for kvar vindmølle samt infrastruktur er svært stort, og risikoen for øydelegging av utmark og beite er stor. Slik øydelegging kan reknast som irresversibel.

Fauna:

Konsekvensane for økosystem og næringskjedene er ikkje klare nok. Vi veit at insekt, fuglar og dyr vert påverka. Området Flatfjell og Solfjell har skogsfugl som Utmarkslaget i fleire år har verna for å kunne byggje opp ei berekraftig stamme. I tillegg har området blant anna hjort, ørn og hauk som er viktige for artsmangfaldet, og vi ønskjer ikkje å risikere å øydeleggje dette mangfaldet.

Vidare er dette beiteland, og ein kan risikere tilførsel av kjemikalier ved reingjering/vedlikehald av vindmøllevinger, noko som ikkje er ønskja i område med aktivt matproduksjon.

Rekreasjon:

Området Flatfjell og Solfjell er mykje brukt til tur og oppleving. Dette er eit område som både lokale folk og turistar set pris på og nyttar seg av. Det er eit område som er tilgjengeleg og lite «privatisert» med få, små, enkle og eldre hytter, og dermed godt tilgjengeleg for alle. Det er ulike stiar/vegar opp i området, og gjer det dermed enda meir tilgjengeleg for mange. Rekreasjon har helsegevinst, aukar livskvalitet og reduserer stress.

Ein ønskjer ikkje å ha særleg synleg eller ha store inngrep der det er mest folk og bruksområder. Dette er medlemmene i utmarkslaget og folk som nyttar seg av området vore tydelege på. Kvinnherad kommune ved samla kommunestyre er negative til vindmøller, og har varsla om dette.

Ein kan ikkje sjå at ulempene ved vindmøllepark kan oppvegast av fordeler som ikkje kan hentast inn på andre område.

Skattelegging (grunnrenteskatt og naturresursskatt) av småkraftverk gjer at ein ikkje produserer det dei kan. Det kan vere mykje å henta på å oppgradera gamle verk samt satsing på solcelle energi. All forskinga som vert gjort i høve vindkraft langs kysten eller langt til havs bør optimaliserast som alternativ til vindmøller på land.

På vegne av grunneigarane på Josnes, Rød og Kjærland

Hans Reidar Kjærland, Siv Framnes og Elin Legland

Styret i Flatfjell Utmarkslag