Høringssvar fra Kvinnherad kommune
Høyringsuttale frå Kvinnherad kommune til nasjonal rammeplan for vindkraft på land
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har laga forslag til nasjonal ramme for vidare utbygging av vindkraft på land i Noreg. Forslaget er av Olje- og energidepartementet lagt ut på høyring med svarfrist 1. oktober 2019. Forslaget kan lastast ned frå NVE sine nettsider og eit samandrag av rapporten kan finnast på denne linken: https://www.nve.no/nasjonal-ramme-for-vindkraft/sammendrag/
NVE har i sitt framlegg til nasjonal ramme for vindkraft på land peikt ut 13 område i Noreg som vert definert som best eigna for vindkraft. Desse områda inkluderer areal i Kvinnherad kommune.
Kvinnherad kommune seier eit klart nei til etablering av vindkraft i kommunen, og forventar at alle areal i Kvinnherad vert tatt ut av den endelege rammeplanen.
Kvinnherad kommune har ikkje ein kommuneplan som opnar for vindkraft. Mesteparten av fjell- og utmarksområda er lagt ut til LNF område, og er ikkje område kor det skal vera industri. Kvinnherad kommune kjem ikkje til å dispensera frå arealdelen av kommuneplanen ved ein eventuell konsesjonssøknad om å etablera vindturbinar i kommunen. Eit samla politisk miljø ser det som uaktuelt med landbasert vindkraft i fjellheimen i Kvinnherad.
Det har i kommunen på kort tid vakse fram ei Facebook-gruppe «Nei til vindmøller i Kvinnherad» med høg aktivitet. Gruppa har per i dag 4500 medlemmer, og dette vitnar om eit stort engasjement mot ei vindkraftutbygging.
1. KVINNHERAD SIN SITUASJON
Kvinnherad er ein stor kraftkommune med mange små og store kraftverk. Om lag 85 % av vasskraftpotensialet er utnytta, dette svarar til produksjon av cirka 3 % av all fornybar, norsk energi. Naturen er fleire stader prega av kraftutbygginga dei siste 70 åra, mellom anna med tippar, fyllingar, damanlegg, tørrlagte elvar og regulerte vatn. Dette har ført til forringa natur- og friluftsverdiar, men har ikkje øydelagt dei slik vindkraft vil gjera.
Mesteparten av Folgefonna nasjonalpark ligg i Kvinnherad, med Noregs tredje største isbre som hovudattraksjon Det er òg oppretta fleire landskapsvernområde i kommunen. Ei vindkraftutbygging i denne sårbare naturen er særs problematisk.
2. MILJØ
Det er godt dokumentert at store samanhengande naturområde er svært viktig for biologisk mangfald. FN sitt naturpanel ga i år ut ein IBES – rapport om tilstanden til naturen, som syner at tap av natur er ein like stor trussel mot verda som det klimaendringane er. Kvinnherad er ein av få stadar i Noreg kor det fortsatt er fleire område med villmarkspreg.
Fjellområda i kommunen er beiteområde for sau og jaktområde for hjortejakt. Kvinnherad har mellom anna viktige habitat for havørn, kongeørn og hubro. Vi pliktar å gje fugle-, dyreliv og insekt dei beste levekåra i ei tid kor fleire og fleire artar vert utryddingstrua. Biomassen av insekt vert stadig lågare. Når insekta døyr, påverkar det næringskjedene i naturen. Fuglar og pattedyr får ikkje mat, jordbruksvekstar vert forstyrra og øydelagde. Øydelegging av biologisk mangfald er peika på som ein grunnleggande trussel i rapporten frå FN.
Det er elles viktig å peika på at Kvinnheradsfjella er til dels særs kuperte. Ei eventuell vindkraftutbygging vil føre til store inngrep i terrenget; til dømes mykje sprenging for å byggja tilkomstvegar og oppstillingsplassar for vindturbinane. Dette vil gje varige spor i den sårbare høgfjellsnaturen.
Som nemnt i pkt. 1 ovanfor bidreg Kvinnherad med ca. 3 % av all fornybar norsk energi. For å bidra ytterlegare til det grøne skiftet, har Kvinnherad kommune, i samarbeid med private aktørar, initiert eit spennande hydrogenprosjekt. Siktemålet er å få etablert eit storskala produksjonsanlegg for flytande hydrogen basert på fornybar vasskraft. Blir dette anlegget realisert, blir det verdas største av sitt slag.
3. FRILUFTSLIV
Store delar av dei områda i Kvinnherad som er peika ut for vindkraft, er område som er særs attraktive for friluftsliv. Lokalbefolkninga og turistar nyttar området på mange måtar; som naturområde, for å oppleva urørt natur, til fjellsport, rekreasjon, mosjon og konkurranse. Store areal har regional verdi for friluftsliv, nokre lokalitetar har også nasjonal klasse og vekkjer internasjonal merksemd.
Områda blir brukte av lokalbefolkninga til skigåing om vinteren. Det er ein aktivitet som vil bli avgrensa av eventuelle vindturbinar, då det er fare for iskast. Det vil måtta opprettast tryggleiksonar som betydelig avgrensar bevegelsefridomen ved skiturar i fjellheimen. Det kan dei politiske representantane i Kvinnherad ikkje godta.
Det å driva friluftsliv er helsefremmande både fysisk og psykisk. Å ha nærleik til uberørt natur, kor ein er vitne til eit rikt dyre- og fugleliv, bidreg til at me held oss meir aktive og verkar stressreduserande. Vindturbinar fører med seg permanente støyplager, samt forstyrrande synsinntrykk med varig tap av verdifull rekreasjonsnatur som resultat.
4. REISELIV
Naturopplevingane ein kan oppleva i Kvinnherad bidreg sterkt til turistnæringa i kommunen og regionen elles. Norsk natur er ein hovudattraksjon for turistane, og svært mange nyttar seg og av turmål og stiar i Kvinnherad. Dette gjeld ulike grupper, frå regionen og frå utlandet. Natur- og kulturbasert reiseliv gir høg verdi per reisande, og er ei næring i vekst som vi ønskjer meir av. Naturinngrepa som ei eventuell utbygging av vindkraft representerer, vil få store negative konsekvensar for verdiskaping knytt til turisme og friluftsliv.
Med utgangspunkt i den unike naturen på Folgefonnhalvøya, er det etablert eit kunnskaps- og opplevingssenter i Rosendal. Folgefonnsenteret vart opna av statsminister Erna Solberg i 2017, og er eit kunnskaps- og opplevingssenter med fokus på bre, fjord, vatn og eit klima i endring.
5. BUSETNAD, IDENTITET OG TILHØYRSLE
Kvinnherad er ein landkommune med nokså kronglete kommunikasjon med dei næraste byane (Bergen, Haugesund og Stord). Eit moment som gjer oss attraktive, får folk til og flytta og bli buande i kommunen, er dei omfattande friluftsverdiane. Ein skal ikkje ta lett på korleis det kan påverka Kvinnherad sin moglegheit til å trekkja til seg arbeidskraft og kompetanse, dersom desse verdiane vert øydelagde av vindmøller.
6. KONKLUSJON / FORSLAG TIL VEDTAK
Kvinnherad kommunestyre seier nei til utbygging av landbasert vindkraft i kommunen. Kommunen meiner at forslaget til rammeplan for vindkraft på land er basert på eit for dårleg kunnskapsgrunnlag, noko som også vert peika på av fleire av fagrapportane som er vedlagt rammeplanen. Dette gjeld mellom anna trusselen mot natur- og artsmangfaldet, noko som FNs naturpanel nyleg har kome ut med ein eigen rapport om.
Kvinnherad kommunestyre erkjenner at verda står ovanfor store utfordringar relatert til klimaendringar, og i det grøne skiftet vil meir fornybar energi spela ei svært viktig rolle. Til tross for dette meiner kommunestyret at landbasert vindkraft har for mange negative og irreversible konsekvensar relatert til naturinngrep, biologisk mangfald, samt fugle- og dyreliv. Dette er godt dokumentert, og vi syner mellom anna til Kvinnherad Turlag sitt høyringssvar. Landbasert vindkraft medfører også bruksavgrensingar på store areal, og er særs problematisk i forhold til friluftsliv og utvikling av eit opplevingsbasert grønt reiseliv i Kvinnherad og på Folgefonnhalvøya.
Eit samla kommunestyre meiner at konfliktgrada og dei negative konsekvensane er så store at det er heilt uaktuelt med etablering av vindkraft i nokon av dei foreslåtte områda i kommunen. På bakgrunn av dette ber kommunestyret Olje- og energidepartementet om å ta Kvinnherad ut av rammeplanen.