Forsiden

Høringssvar fra FLT avd 086 Høyanger

Dato: 30.09.2019

Forbundet for ledelse og teknikk (FLT) organiserer leiarar, ingeniørar og funksjonærar i tekniske stillingar. FLT avd 86 Høyanger organiserer klubbar mellom anna i kommunane Høyanger, Hyllestad, Førde, Gaular og Fjaler. Vi vil be om at område 49 (Sogn og Sunnfjord) ikkje blir ein del av nasjonal ramme for vindkraft.

Område 50 omfattar også delar av Høyanger kommune og må heller ikkje bli ein del av ramma. Standpunktet vårt er grunngjeve av at vi ser vindkraft som ein trussel mot arbeidsplassar og busetjing i kommunane våre, men også av omsynet til uboteleg skade på naturlandskap, dyremangfald og rekreasjon.

NVE har i sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft m.a. peika ut dei 13 områda som «de mest egnande områda for vindkraft». Vi meiner at områda som ligg i våre kommunar ikkje bør være med i denne planen, då det ikkje er tatt nok omsyn til naturmiljøet, og desse områda sin verdi som rekreasjonsområde. Vi meiner også at det er nok kraft i den norske kraftmarknaden, og at slike omfattande naturinngrep difor ikkje er naudsynte. Vi fryktar at ei utbygging av vindkraft, ihht. Nasjonal ramme, vil medføre eit stort kraftoverskot i Noreg. Dette vil føre til stor eksport av elektrisk kraft, og der igjennom import av kraftprisar i frå andre marknader enn den innanlandske og nordiske. Dette ser vi på som ein direkte trussel mot våre arbeidsplassar, og vi ber derfor om at ein ikkje bygger ut vindkraft slik som nasjonal ramme opnar for!