Høringssvar fra Fjaler Senterparti
Nei til vindkraftutbygging i Fjaler
Fjaler Senterparti seier nei til utbygging av vindkraft i Fjaler kommune.
Vi grunngjev det med følgande:
1. Beslaglegging og inngrep av store fjellområde med relativt urørt natur som ikkje kan tilbakeførast.
Topografien i kommunen er svært kupert og lite egna til å etablera vegar og oppstillingsplassar for vindmøller/vindturbinar. Inngrepa som må til i fjella i Fjaler, vil medføre at det må sprengast i fjell og leggast fyllmasse for at det skal vera mogleg å utnytta vindkrafta optimalt for vindmøllene/vindturbinane. Dette vil gje massive og varige spor og sår i den sårbare og urørte naturen i fjella våre.
2. Fjella våre vert nytta som turområde både sommar og vinter. I det ligger det eit viktig helseaspekt for kommunen.
Aktivt friluftsliv i urørt natur gjev eit godt grunnlag for god folkehelse og livskvalitet.
3. Inntekt til kommunane frå vindkraft er små
Kommunar som har bygd ut vindkraft, har ikkje fått eit stort økonomisk utbytte av det. Det er lite økonomisk å tape på å ikkje bygge ut, medan dei samfunnsøkonomiske tapa kan verte store ved å bygge ut i urørt natur.
4. Tap av fuglar, vilt og insekt
Artsmangfaldet knytt til naturtypar, fugl og vilt er stort innanfor området. Fjaler har viktige habitat for havørn, kongeørn og hubro. Fjaler er ein stor hjortekommune. Fjella er viktige beiteområder for sau.
Ved reingjering og av-ising av vindmøllevingane, kan det verte brukt kjemikaliar som ikkje vil vera heldig å få ut i naturen.
5. Fjaler kommune har teke sin del av vindprosjekt
I Fjaler er det gjeve konsesjon for utbygging av vindmøller på industriområdet på Lutelandet. Inngrepa i naturen og konsekvensane for trekk-fugl og anna fugl i dette området vil komme og vi meiner at resten av Fjaler bør skjermast for utbygging av vindmøller.
Fjaler Senterparti