Forsiden

Høringssvar fra Stad SV

Dato: 12.09.2019


I mai 2019 kom FN sitt naturpanel med beskjed om at tap av urørt natur og artsmangfald representerar ein like stor trussel som klimatrusselen. Dette er ny og alvorleg kunnskap som må ligge til grunn for den vidare forvaltninga av vindkraft på land. Vindkraft på land er industrianlegg som påvirkar landskap, natur- og friluftsverdiar på en dramatisk måte. Norge har eit unikt landskap og ein essensiell del er dei større samanhengande områda med urørt preg som har avgjørande virknad, ikkje berre for landskap, men enda viktigare, for å sikre eit representativt utvalg av norsk naturmangfald. Vi veit at arealendringar er den største drivaren av tap av naturmangfald. Nasjonal ramme for vindkraft vart presentert før FNs Naturpanel kom med sin rapport og kunnskapsgrunnlaget og anbefalingane i den nasjonale ramma er slik sett utdatert, då den ikkje tej innover seg alvoret i FNs naturpanel.

Stad SV meiner at i stedet for at nasjonal ramme for vindkraft bidrar til å opne opp for vidare utbygging av vindkraft på land, så treng vi i staden ein plan som sikrer verdifulle natur- og friluftsområder frå utbygging av landbasert vindkraft, slik Forum for natur og friluftsliv har etterspurd. Nasjonal ramme må endrast til å verte eit kart som viser i kva for område vi ikkje skal ha vindkraftverk på land. Ein verneplan for kyst- og fjellandskap mot vindkraftutbygging og tyngre, tekniske inngrep. Dette vil og gjere konsesjonsprosessen meir effektiv, ved at ein tidlig kan seie nei til vindkraftutbygging.

Erfaring frå allereie gjette konsesjonar til utbygging av vindkraftverk og vasskraftverk avslører mangelfulle naturkartlegginger, og at miljø og naturhensyn ikkje er tilstrekkeleg ivaretatt. I tillegg gjes det i dag såkalla «opne» konsesjoner, noko som gjer utbygger fleksibilitet til å få mest mulig kraft ut av området, med den ulempe at prosjektane ofte endrer karakter, omfang, størrelse, og som gjer at naturkartleggingane som gjerast fort vert utdatert og upålitelige.

Store delar av Stad kommune er i analyseområde 48. Vårt synspunkt er at at heile Stad kommune bør ekskluderast frå vindkraft på grunn av uforenelige verdiar knytt til urørt natur, unike og sårbare fjellområder og artsmangfold.

Kommunane sine synspunkt bør ivaretas. Norge har forplikta seg til å sikre lokal medverknad blant anna gjennom Aarhuskonvensjonen, den europeiske landskapskonvensjonen og Europarådets Charter (konvensjon) om lokalt sjølvstyre. Fleire kommuner har allereie vedtak på at ein ikkje ønskjer å vere inkludert i mest egna områda for vindkraftindustri.Kriteria for å tillete vindkraftutbygging må inkludere aksept frå kommunar som er berørt som dei mest egna områdane for vindkraft.

Vindkraft på land er no verte bedriftsøkonomisk lønsom på grunn av subsidiering gjennom grøne sertifikat og manglande skattlegging. Det bør derfor innførast eit skatte- og eigarskapsregime på vindkraft lik det som på vasskraft. Stad SV mener derfor det bør innførast grunnrentebeskatning og hjemfall. Det private eigarskapet på vindkraft på land er i dag over 80% og SV mener ein bør kreve 2/3 offentleg eigarskap til vindkraftverka. Nasjonal ramme er ikkje ein utbyggingsplan, men eit styringsverktøy for nye søknadar av vindkraft på land, for ei næring som no er bedriftsøkonomisk lønsom. I eit slikt terreng viskast skilnaden mellom styringsverktøy og utbyggingsplan ut

Rapporten frå NVE seier om området Sunnmøre og Nordfjord; «Våre overordnede analyser tilsier imidlertid et lavere konfliktnivå i dette området enn i store deler av landet.»Den store motstanden som har vore no, tilseier ikkje at det er eit lavt konfliktnivå. Dei politiske partia i kommunane Selje og Eid har vore klare på at dei ikkje vil ha meir utbygging av vindkraft i Stad kommune. Dette gjeld generelt heile Stad kommune. Dette er Stad SV heilt klare på.

Til dømeshar det kome inn 10 uttaler til planane om vindkraftverket på OKLA,. Desse meiner vi vert bagatellisert av NVE:

-Det kjem fram at visualiseringane som er lagt fram er feil, og gjev feil inntrykk av korleis anlegget faktisk vil sjå ut.

-Skadeverknader på natur og miljø, som t.d. virkningar for trekkfugl og dødeleghet for fuglar er generellt er for dårleg utgreia.

-Fylkesmannen skriv at forhold knytta til plante- og dyreliv er basert på ein rapport frå 2013. Dei skriv vidare at rapporten har store faglige manglar og er på fleire områder feilaktig og villeiande. For å kome seg unna dette har ein søkt etter informasjon i databasar for å få på plass ein oppdatert rapport. Dette held ikkje mål. Okla grensar til eit naturreservat og ein må kreve at det vert utarbeidd ein rapport på bakgrunn av faglege og korrekte analyser.

-Det er usemje om endringar i veiplanen, der jordsameige skriv at i den nyaste søknaden vil utbyggar disponere eit større område utan at dette vert kompensert for.

-NVE skriv at terrenget er krevjande i enkelte deler av traseen for adkomstvei, og at det er vanskelig å vurdere omfanget av fyllinger og skjæringar utfrå dei noværande karta. Dette er for dårlig, og slike tilfeller kan sjølvsagt ikkje godkjennast.

-NVE stiller vilkår om bruk av landskapsfaglig kompetanse i den vidare detaljprosjekteringa. Kor er denne? Dette må leggast fram for godkjenning før det kan gjevast løyve til oppstart.

-Støy og skyggekast: her vert uttalane frå berørte avfeia med bagatellisering. Refleksjonar av støy er ikkje utgreia.

-Det vert vist til dårleg kommunikasjon med nye eigarar av prosjektet. Erstatningshandtering er heller ikkje avklara.

-NVE meinar at virkningane for landskap og miljø er små, og at tidlegare vedtak om godkjenning er dekkande. Dette samsvarar dårleg med dei punkta vi har nemnt ovanfor.


Okla er ikkje i analyseområdane som NVE peikar ut som mest egna for vindkraft på land.

Når det gjeld grensene på område 48 i rammeplanen – Nordfjord og Sunnfjord, blir det nemnt eit alternativ om å flytte grensa vestover i Selje kommune som ikkje er tilrådeleg. Det er i mot riksantikvarens anbefalingar som seier at her er kulturhistoria svært rik, med stor tettheit av kulturminne med stor tidsdjupne.

Inn over Nordfjord frå Maurstad til Nordfjord er det gunstige vindforhold langs fjorden, og her vil dei ha vindturbinar. Her peikar dei beste plassane seg ut nær bustader og nær fjorden. Inn mot Stårheim er det mykje hytter og turistar. Grensa er sett slik at utbygginga stoggar på Stårheim og ikkje tek med Hjelmelandsdalen, men dei legg seg heilt opp i grensa til turistområdet frå Stårheim og opp til Hafsåsvarden. Dette blir både skjemmande og kolliderer med turløyper opp i dette området. Dette er eit populært område på vinterstid og kan vere eit faremoment når det kan oppstå ising på vengane på vindturbinane.

Vindturbinar vil vere skjemmande frå fjorden, og øydelegg opplevinga for alle som kjem sjøvegen inn fjorden. Turisme skal vere eit satsingsområde for Nordfjord. Dette kan ikkje kombinerast med vindturbinar verken langs fjorden eller i fjellet.

I tillegg til det som er nemnt over, må det generelt takast meir omsyn til riksantikvarens anbefalingar og innspela frå naturvernorganisasjonane. Her må NVE lese og forstå tilbakemeldingane dei får.

Nordfjordeid, 11.09.2019

Stad SV

v/ Tonje Camilla Sjaastad