Høringssvar fra Konrad Anfinsen
NEI TIL MASSIV VINDKRAFTUTBYGGING I KVINNHERAD
KVAR MEINER NVE DET KAN VERE AKTUELT MED VINDKRAFTVERK?
NVE presenterte 1.april 2019 «Nasjonal ramme for vindkraft på land». Her peiker dei ut store deler av Kvinnherad som aktuelle for vindkraftutbygging, blant andre desse områda: • Blådalen og Fjellhaugenområdet (Ingahogg, Reikatindane, Sandvasshorgja, Kvanndalsnuten, fjellområdet over Baugstranda, m.fl.). • Halsnøy (Toftåsen, Trones, Klosterneset/Brattåsen, Kuneset, Trollåsen. m.fl.) • Fjelberg og Borgundøy (Borgundnuten, m.fl.). • Fjella i Uskedalen, Omvikdalen, Husnes og Utåker (Solfjell, Nonshaug, Mannsvatn, Mjelkhaug, Manen, Nordfjell, Ulvanosa, Svaneheia, Bremstølen, m.fl.).
I Kvinnherad er alt 85-90 % av vasskrafta bygd ut tilsvarande om lag 3% av grøn norsk energi. Alle politiske parti i Kvinnherad gjekk på folkemøtet på Husnes den 28.mai 2019 i mot framtidig vindkraftutbygging i kommunen
Eg må gi mine synspunkt utifrå dei områda i kommunen eg kjenner best, men er sterkt i mot vindkraftutbygging i heile kommunen.
Landskapshistorisk område av nasjonal interesse. Ulvenosa- Melkhaug-platået.
På eit folkemøte på Utåker like over nyttår i år ,i regi av Interesselaget for Vardhaugselet m/fl., fekk vi høyra eit interessant foredrag av professor i geovitenskap ved UiB ,Inge Svendsen og av stipendiat Carl Regell. Dette om korleis breene hadde forma landskapet i områda Melkhaug-platået og Ulvanåso. . Spesielt særprega var sidemorenene ved foten av Ulvenosa . Etter som eg oppfatta på møtet var dette med i eit forskningsprosjekt og av nasjonal interesse.
På møtet kom det og opplysningar som var av så stor interesse, at ein vil setja opp informasjons-skilt på turveiene i området. Dette for å gjera folk medvitne om desse særprega i naturen.
Turområde / Fjellbeite.
Tveitedalen er inngangsporten til Ulvenosa, Englefjell og Melkhaug-platået frå aust. I regi av Tveitedalen Skisenter, som har skisport som sin primær aktivitet, er dette og eit senter som er lagt til rette for turgåing og rekreasjon i ei flott og urørt natur. Dette er bygd opp med velvilje frå grunneigarar ,og med støtte fra diverse firma, Kvinnherad kommune, STUI og ei mengd med frivillige. Eit senter vi er stolte over og som gir mulighet for alle, sommar og vinter, både for dei med god fysikk , men også trassear for dei med fysiske handycap.
I tillegg er det dei siste åra bygd og restauret tre flotte sjølvbetjeningshytter i området Varhaugselet, Dyrindo og Børsdalen. Dette gjort på dugnad av folk som brukar fritida si til glede for oss alle.
At Ulvanåso i langsamelige tider har vore eit ynda turmål er me alle kjent med. Mest brukt av lokalbefolkninga, men også grupper og lag frå Sunnhordland og Haugalandet legg turane sin hit med topptur til Ulvanosa.
I denne delen av kommunen er Ulvanosa og Melkhaugområda det einaste fjellbeite, og har vore, og er av stor betydning for dei som driv med husdyrhald.
Vi mister bit for bit.
Eg har gjort meg nokre tankar om kva me har mist av natur-opplevingar, og noko av det som er blitt borte sidan eg var barn på 1950 talet. På fjorden opplevde me eit yrande liv, eit rikt fugleliv, til tider eit eventyrlig fiske . Hadde me i dag fått opplevd brislingfiske slik det var i Matersfjorden på 50-talet , vil eg tru Tv-kanalane hadde stått i kø. Eg var heldig som fekk oppleva nett dette. I april var det årlige laksefiske igang. Ei mengd laksenøter kom i sjøen i området frå Utåker og særlig i Matersfjorden. Den gang som ein del av levebrødet .
I dag er Skånevikfjorden og Materfjorden blitt to «døde» fjordar. Brislingen er borte, fisket generelt er på eit urovekkjane lavt nivå. Det rike laksefisket i Materfjorden er borte. Den store hegrekolonien som me fekk oppleva i Holmedalsberget er borte. Måken som i hundretall hekka på Ølfernesholmen er borte. Tedno ( ternen) som stupte etter fisk langs strandkanten er stort sett borte. Tjelden som trippa på svaberget er sjeldnare og sjeldnare å sjå. Alka og Teisten som kom inn fjorden vinterstid er borte. Leppefisken som me låg på bryggekanten å fiska då me var små, er mest ikkje å sjå.
På land har skjedd da samma. Åkerriksa som vekte oss med si kurrande stemma tidleg på morgonen sommartid er borte. Stæren som det var flokkevis av er ikkje å sjå lenger. Gulspurven og gråspurven som trippa i tunet ser eg ikkje lenger. Rugdetrekket i liane om våren er vekke. Berre det å kunna få sjå ein hare i dag, er blitt ei stor oppleving.
Dette er berre ein liten del av det vi har mista, sjølsagt av mange ulike årsaker. Den «raude artslista» aukar diverre for kvart år ,og mangfoldet forvitrar bort.
Dette er ikkje relatert til vindmølledebatten, men litt for å setja ting i perspektiv.
Nå står me på terskelen til å mista enno meir, denne gang i fjellheimen. Forhåpentlig hekkar kongeørna enno mellom fjella i Kvinnherad, og håpet er at vi også i framtida kan få høyra hubroen og uglene sine skrik frå liane våre.
Me har to ting som heldigvis ikkje står på raudelista over trua artar : Yttringsfriheten og stemmeretten. Eg vil difor bruke begge deler med omtanke for våre kjære barn,barnebarn og oldebarn og :
Mitt standpunkt er urokkelig : Nei til vindkraft i heile Kvinnherad kommune.
Utåker, 1.oktober 2019.
Konrad Anfinsen,
Utåkerveien 191.
5453 Utåker.