Høringssvar fra Wenche Sortvik
EG har tapt ein del tillit til høgare styringsinstansar denne hausten. Det er trist. Eg har alltid verdsett våre demokratiske ideal og vår ytringsfridom. Sett på det norske samfunn som verdibasert- der kunnskap og informasjonsflyt står sentralt. Tenkt at høg grad av kompetanse ligg til grunn for avgjersler som får nasjonale og lokale fylgjer. Hatt tru på at omsynet for miljø, natur og individ vert prioritert – og om skade skjer – så har vi eit godt fungerande lovverk og rettsvesen. Har kjent tryggleik i trua på å ha ei stemme.
Den storstilte vindkraftutbygginga i visse delar av landet, har fått meg til å tvile på om delar av «systemet» fungerer. Og eg vil nytte min demokratiske rett – min ytringsfridom til å seie noko om kvifor. Eg vil trekke fram Okla-anlegget på Stadlandet som eit svært relevant døme. NVE – Norges vassdrag og energidirektorat - har her gjeve konsesjon til eit industrianlegg som ligg i eit område som vert vurdert å ligge i – sitat NVE (2013) «kategori E. Dette innebærer at tiltaket vurderes til å være i svært stor konflikt med nasjonale mål og at avbøtende tiltak ikke vil kunne redusere konflikten». Kategori E er den høgste vurderinga for konflikt med landskap, biologisk mangfald, kulturminner og kulturmiljø. NVE konkluderer med at landskapet og fjellområdet har nasjonal verdi, stor opplevingsverdi og at det er sårbart for tyngre tekniske inngrep. NVE innrømmer at «et vindkraftverk nær kulturminne og/eller kulturmiljø kan gi en redusert opplevelse av kulturminnet/kulturmiljøet». NVE held vidare fram kunnskap om at området er eit mykje brukt turområde, at turbinane vil vere synleg frå dei mest besøkte fjelltoppane, at naturen vil opplevast annleis i området – og at dette vil påverke opplevingsverdien av landskapet på Stadtplatået. Landskapsverdiar som vert helde fram er kystmyr, kystlynghei og fleire raudlisteartar. Likevel kjem NVE fram til at konsesjonen til Okla vindkraftverk ikkje er i strid med den europeiske landskapskonvensjonen eller Naturmangfaldlova. DETTE krev eit godt hovud å forstå!
Konsesjonsugreiinga er, utan tvil, mangelfull. Nyare kunnskapsgrunnlag både vedrørande landskap og artsmangfald, fugletrekk og hekking og fleire raudlisteartar har kome til. Men likevel – det kunnskapsgrunnlaget NVE viser å ha på konsesjonstidspunktet, burde vere tilstrekkeleg for at nokre «bjeller klang» i ei kunnskapsbedrift og eit forvaltingsorgan i statens teneste! Bjeller som sa at akkurat dette landskapet ikkje var eigna for industriutbygging, men burde få vere i fred nettopp utifrå sin unike og særeigne karakter. At NVE, trass i kunnskapen dei då sat inne med, og stikk i strid med m.a riksantikvar og miljødirektoratets klare meldingar, likevel gav konsesjon på eit så tynt faktagrunnlag, er for meg uforståeleg. Etter mitt skjønn, svikta systemet allereie då. NVE burde vere ein instans som la kunnskapsbasert grunnlag for ei korrekt konsekvensanalytisk avgjersle som utelukka konsesjon i eit slikt tilfelle - uavhengig av påverkande interesser.
I går las eg ei historie om ein mann som hadde fått lang fengsel-straff for alvorleg brotsverk. Nye opplysingar kom fram, og saka hans vart gjennomgått på ny. Det viste seg at mannen var uskuldig, han gjekk fri. Saka er eigentleg ikkje så merkeleg, den viser berre at vi har eit system som fungerer. Nettopp difor, er det vanskeleg å forstå at NVE, eit forvaltingsorgan i teneste for staten, held fast på at konsesjonar som er gitt, står ved lag (Harvest Magazine, 2019). Det vert presisert at også høyring om «Nasjonal ramme for vindkraft på land» berre gjeld framtidig planlagde vindkraftanlegg – ikkje dei som allereie har fått konsesjon! Mykje dokumentasjon vert då bevisst sett bort frå – faktaopplysingar som rettmessig burde få inngå som grunnlag for ny vurdering av konsesjonen til anlegg som enno ikkje er påbyrja - som Okla-anlegget på Satdlandet!
Mi von er at departementa må gripe inn og stogge ein praksis som gjer ugjennoppretteleg skade i områder med unik natur av stor nasjonal verdi. Eg etterlyser ein praksis der det er rom for at feilaktige og mangelfulle besluttingar må takast opp til ny vurdering. Stadlandet vil i den nye nasjonale ramma ligge utanfor område for planlagd vindkraft. Regjeringa og departementa må vise handlekraft for å rette opp i tidlegare feil - før arbeidet vert påbyrja. La folket få fornya tillit til at systemet faktisk fungerer sentralt, og at vår stemme vert høyrt!