Forsiden

Høringssvar fra Berit Dale

Dato: 30.09.2019

Nei til vindturbinar i Kvinnherad.
Som bonde med beitedyr i fjellet, som ivrig brukar av fjellet som trim og rekreasjon heile året, sommar, haust, vinter og vår vil eg på det sterkaste ytre min motstand mot vindturbinar i fjella i Kvinnherad. Eg oppmoder om at dette området må fullt og heilt ut av planane.
Kvinnherad er ein reiselivskommune og får mange tilreisande som til liks med oss fastbuande vil gle seg over den flotte naturen me har. Som mor vil eg at desse fantastiske områda skal forbli som dei er for kommande slekter.

Med helsing
Berit Dale