Forsiden

Høringssvar fra Austre Tveit jaktlag

Dato: 30.09.2019

Høyringsvar til nasjonal ramme for vindkraft - Austre Tveit jaktlag, Evje og Hornnes

Austre Tveit jaktlag i Evje-Hornnes kommune gir her innspel til NVEs forslag til nasjonal ramme og til om ein bør fastsetje ei nasjonal ramme for vindkraft i Norge. Vi ser dette også som eit høve til å gje nasjonale styresmakter heilt nødvendig tilbakemelding på korleis vindkraftselskapa opptrer lokalt, som ein del av ein større, nasjonalt rigga prosess for utbygging av vindkraft der omsynet til natur, artsmangfald og landskap i liten grad blir ivaretatt.

Austre Tveit jaktlag brukar eit område på om lag 15000 dekar, fordelt på 6 grunneigarar. I dag har laget 13 jegarar. Dei same grunneigarane har organisert elgjakt i dette området sidan 1960-talet, formelt blei laget etablert i 1980 med skrivne vedtekter. Området blir også bruka til småviltjakt, og er – ikkje minst – eit viktig tur- og rekreasjonsområde for fleire kringliggjande hyttefelt og fastbuande i kommunen. Området er kjent for å ha ein stor bestand av orrfugl og storfugl, og er leveområde for ulike sårbare og raudlista artar som kongeørn, hønsehauk, tårnfalk og slettsnok. Dette er artar som med jamne mellomrom vert observert. Det er ikkje gjort nokon systematisk gjennomgang av kva som finst av vegetasjon og artar i området, eller kulturminne frå tidligare tider som til dømes heieslått.

Sett frå jaktlagets side er det to moment som gjev særleg grunn til uro:

Kommersielle aktørar er gitt eit handlingsrom som ikkje tener fellesskapet, og skapar konflikt lokalt

Hausten 2018 blei vi kjent med at Fred Olsen Renewables ønskjer å etablere eit vindindustrianlegg, kalt "Tveiteheia vindmøllpark". Fyrst blei nokre grunneigarar kontakta enkeltvis (mellom anna tre i Austre Tveit jaktlag), og seinhaustes kalte selskapet inn til møte i Hornnes bedehus for å orienterte om planane. Berre eit fåtal av dei som hadde eigedom innafor det planlagde industriområdet var innkalla, Fred Olsen hadde heller ikkje tatt initiativ til å informere kringliggjande grender eller hyttefelt.

På møtet var Fred Olsens representantar vage om reelt viktige spørsmål som storleiken på vindturbinane og plasseringa av dei, det var «tekniske spørsmål» som seinare måtte greiast ut. Selskapet underkommuniserte kor inngripande eit vindindustrianlegg er, m.a. ved å hevde at «kun 1 til 2 prosent av arealet ville bli berørt av en utbygging». Ei slik fråsegn er vanskelig å forstå for den som kjenner det kuperte terrenget (og dermed behovet for å planere områda der turbintårna skal stå og sprenge for å lage tilkomstvegar) og om ein tek inn over seg dimensjonane på turbintårna. Uttrykk som "vindmølle", "vindpark" høyrest tilforlateleg ut og tildekker at dette handlar om industrialisering av eit stort heiområde.

Den vidare prosessen har ikkje inngitt tillit. På eit tidspunkt fekk alle grunneigarane innafor det som Fred Olsen hadde definert som mogleg del av «Tveiteheia vindpark» tilbod om å seia ja eller nei til å bli med på vidare "forhandlingar". Frå grunneigaranes side blei det sett fram ønske om at alle grunneigarar skulle få innsyn i den vidare forhandlings- og planprosessen, også dei som ikkje ønskte eit vindindustrianlegg, sidan ei eventuell utbygging ville berøre alle grunneigararar direkte. Fred Olsen valde ikkje openhet. Med sterk motstand blant fleire grunneigarar og gjentatte oppmodingar til Fred Olsen, snudde likevel selskapet. Det blei da klart at 26 grunneigarar var mot, og bare fire for. Austre Tveit jaktlag har grunn til å tru at dei fire er lova betydelege kompensasjonsbeløp. Denne metoden kallast splitt-og-hersk. Fred Olsen hevdar nå at dei grunneigarane som har sagt ja, eig litt meir enn halvparten av arealet til ein ev. "Tveiteheia vindpark" (sjå kartskisse til slutt i notatet). Dette stemmer ikkje om ein legg til grunn opprinneleg skisse til plassering av turbintårn, men er resultatet av at selskapet har "flytta" tårn frå grunneigarar som er mot til dei som er for. Det er vanskeleg å ikkje sjå på dette som rein manipulasjon – dersom det blir gitt konsesjon til eit vindindustrianlegg, vil korta bli lagt på nytt, og tårna plassert der det er mest bedriftsøkonomisk gunstig.

Vi finn det urovekkande at nasjonale styresmakter gjev aktørar med snevre kommersielle interesser eit handlingsrom som verkar splittande på små bygdesamfunn og grendelag, der eit svært lite mindretal vert førespegla store inntekter mens det store fleirtalet må leve med betydelige ulemper. Det er svært vanskeleg å sjå at denne framgangsmåten legg grunnlag for samfunnsøkonomisk sett gode avgjerdsprosessar, eller ei rimeleg fordeling av kostnader og vinstar ved utbygging.

Manglande tillit til konsesjonssystemet - nasjonal ramme undervurderer naturøydelegging og trugsmålet mot artsmangfald

Planane om vindindustrianlegg har møtt stor motstand i heile Setesdalen. Våren 2019 sa eit einstemming kommunestyre i Evje og Hornes frå om at vindindustri ikkje er ønska i kommunen. Seinare har nabokommunane Åseral og Bygland fatta tilsvarande vedtak.

Vi finn det underleg at eit statleg regelverk tillet økonomiske aktørar som Fred Olsen å gripe inn i lokalmiljø, trass eintydig lokal og politisk motstand, og potensielt øydelegge store areal for all framtid. Turbinindustri er ikkje forenleg med jakt, rekreasjon og naturbasert reiseliv, slik DNT, NJFF og reiselivsorganisasjonen i NHO klart har meldt frå om.

Langsiktig forvaltning av naturområde må omfatte heilskapen i naturen, der alle artar, også predatorar, spelar sentrale roller og er føresetnader for livskraftige bestandar av jaktbart vilt. Industriutbyggingar som turbinindustrien representerer tek ikkje omsyn til eit alt sterkt truga artsmangfald, der arealinngrep representerer det største trugsmålet. Det er eit stort paradoks at det lovverket og dei forvaltningsorgana som gjennom årtier er utvikla for å beskytte artsmangfaldet vert sett tilside i vindkraftsaker. Særleg urovekkande er det at OED, vindindustriens eige sektordepartement, har det avgjerande ordet når konsesjonar skal tildelast.

Austre Tveit jaktlag ønskjer ikkje at hei-områda i Agder blir vurdert som eigna for vindkraft i ei eventuell nasjonal ramme for vindkraft. Vi meiner også at landbasert vindkraft i norsk natur, når ein vurderer samfunnsøkonomiske kostnader opp mot vinstar, ikkje er i samsvar med nasjonale interesser.

Vedlegg