Forsiden

Høringssvar fra Rolf Lothe

Dato: 14.08.2019

NEI TIL VINDINDUSTRI I KVINNHERAD!

Eg har vakse opp med regulerte fjellvatn, flo og fjøra på eit vis. For å etablera nye industriarbeidsplassar i den vesle bygda vår, var det på 1900-talet nødvendig å demma opp fjellvatn. Vatnet blei ført i røyr til kraftstasjonen som gav elektrisitet til det nye smelteverket.

Dette førte til mange nye og kjærkomne lokale arbeidsplassar, arbeidsplassar som i alle år seinare har vore livsgrunnlaget for folk i bygda.

Alt utstyr og materiell blei den gongen frakta til fjells på trallebane og vidare innover fjellet på taubane. Taubanen blei etter utbygginga fjerna utan å setja spor i naturen. I dag framstår fjellet som urørt og folk nyttar fjellet til rekreasjon både sommar som vinter. Verdiane blei verande i bygda, både dei naturbaserte og dei økonomiske.

Etablering av vindindustri krev særs store inngrep i naturen. Kvar vindturbin krev store areal som må sprengast ut og planerast. Mellom kvar turbin er det behov for 800 meter veg i samand med utbygging og vedlikehald. Dette fører til sundsprengte stein og knausar. Myr og små tjørn og vatn blir fyllt att av stein og pukk. Kulturlandskapet forma av dyr og menneske gjennom årtider forsvinn. Landskapet blir øydelagt for all framtid og kan ikkje reverserast. Tilbake står det inntil 250 meter høge vindturbinar som eit symbol på feilslått energipolitikk!

Kva blir dommen mot noverande politikarar frå komande generasjonar, mon tru?

Vi veit at turbinane drep hundrevis av freda fuglar som ørn og hubro, i tillegg til andre fuglar og ikkje minst insekt. Vi veit og at materiale vingene er laga av ikkje kan gjenvinnast.

Når vi også veit at den lavfrekvente lyden frå vingene gjer at det er umogeleg for folk å bu nær turbinane, blir prisen som folk og dyr må betal for dette alt for høg.

Sats heller på det vi alt er gode på: VASSKRAFT! Ved fornying og renovering av eldre kraftverk, vil det ikkje vera trong for landbasert vindkraft.

Nei til landbasert vindkraft i Norge!