Forsiden

Høringssvar fra Siv Jane Hettervik

Dato: 03.10.2019

Til NVE

Eg vil med dette nytta meg av retten til å uttala meg som samfunnsengasjert borgar i saka om Tysvær Vindkraft.

Det er for tida mykje snakk om vindturbinar som blir satt ut i urørt natur.

Det er så fortvilande å sjå på korleis det no er så mange nye vindturbin-prosjekter på gang over heile landet.

Korleis kan me øydeleggje den flotte naturen me har? Det hjelpe ikkje kor mange penger me får, ny urørt natur kan me aldri kjøpe tilbake.

Her i Tysvær er det no planlagt tre nye vindturbin parkar, og folk er opprørte.

Dette fører ned seg mange negative konsekvenser, som;

Visuell og lydmessig forureining

eit spekter av helseplager,

skader på dyr, insekt og fuglar,

bygdefolk i fullt opprør og splittelse,

ei oppleving av overgrep -

Styresmaktene sentralt og lokalt, OED og NVE kan ikkje ha slikt på samvitet når dei samstundes veit at dette gagnar nokre få personar.

Me vil ganske enkelt ikkje øydeleggja det mest verdifulle me har - naturen - for å eksportera straum til utlandet.

Me ynskjer å drive med reiseliv og vise fram den vakre naturen vår, men det blir ikkje aktuelt med store, støyande vindturbinar rundt oss.

Stans dette no, leit etter andre energiformer - eller så må redusere forbruket vårt.

Alt må fram i lyset!

Borgøy 15 juni 2019