Høringssvar fra Baugstranda bygdalag
Uttale til nasjonal ramme for vindkraft.
Baugstrands bygdalag i Kvinnherad kommune er sterkt imot at ein byggjer ut vindkraftverk i Norge.
Ei utbygging vil ha negative konsekvensar for kvar enkelt av oss, lokalmiljø og bygda, ja samfunnsutvikling generelt. Slik som trivsel, livskvalitet, folkehelse, friluftsliv og truleg også for tilflytting og rekruttering til lokalt arbeidsliv, turisme og landbruket.
Massive naturinngrep med skadar på artsmangfald, dyre-, fugle- og insektliv og landskapet blir øydelagt for all framtid.
Nærleik til vindkraft kan føre til verditap for både bustadar og hytter.
Ei utbygging i fjella våre vil kunne bli synleg og merkbar visuelt i store deler av Sunnhordland og Åkrafjorden.
Ved utbering av eksisterande vasskraft vil ein oppnå større miljøgevinst enn heile den planlagde norske vindparken på land, utan så stor øydelegg av Norsk natur.
Lovverket og avtaler - forplikta oss til å bevare og beskytte naturtyper og arter, det følges ikkje opp gjennom nedbygging av natur i så stort omfang som vindkraftverk krever.
Vi som bur ute i distrikta er dei som vil verta mest berørte av ei utbygging av vindkraft i Norge. For det Norske samfunnet, må det å ha levande bygder med folk vera det aller viktigaste. Ei utbygging av vindkraft, vil kunne føra til ei fråflytting av bygder og ein tragedie for distrikta og samfunnet.
Styret i Baugstranda bygdalag