Forsiden

Høringssvar fra Halldis Folkedal

Dato: 02.10.2019

Til dei det måtte gjelda!

Eg har fulgt debatten om vindkraft dei siste åra og vil med dette seia nei til meir vindkraft på land i Noreg. Vindkraft er den mest meiningslause forma for energiproduksjon i Noreg, sidan produksjonen føreset store naturøydelegingar. FN sin klimarapport slår fast at tap av natur er eit like stort trugsmål for jorda som klimaproblematikken. Ein reddar ikkje klimaet ved å øydeleggja natur. Eg er og uroa for dyrelivet, særleg fuglelivet, som fylgje av vindkraft. Sats på oppgradering av eksisterande gasskraftverk. Stopp dei grøne sertifikata. Stopp pågåande vindkraftutbygging og respekter lokaldemokratiet.