Forsiden

Høringssvar fra Gunnar Helleland

Dato: 25.05.2019

Visuell innvirkning på kulturminner og kulturmiljø Vindkraftanlegg og kraftledninger.

Nasjonal ramme for vindkraft på land

Kommentarer og innspel til NVE's planer for Noreg og spesielt Kvinnherad Kommune.

25.05.2019

Vindmøller vil etter mi meining forsøple dei fantastisk fine fjella og fjellområda som vi har i Noreg.

  • Det visuelle i naturen vert øydelagd med store stygge konstruksjonar.
  • Lyden frå vindmøller er ikkje foreneleg med flott natur.
  • Lys frå markeringslysa på vindmøllene vil ta ifrå oss det fantastiske synet av stjernehimmel og fullmåne når været tillater dette.
  • Vegane og fundamenta som vert laga for desse vindmøllene er store og stygge.
  • Områder må sperres av ved spesielle værtilhøve pga at det iser på "rotorblada", og isen vert slengt av desse. Dette er farleg for folk og dyr i området. Dette har skjedd fleire plassar i Noreg.
  • Oljeutslepp frå gearkasse havari på vindmøllene er ikkje særleg bra for miljøet. Er det laga nokon oppsamlingsplan for slikt?

Kvinnherad Kommune:

  • Kvinnherad er ein av dei største hjorte kommunane i landet. Korleis vil hjorten og hjortestamma reagere på vegar, lyd og store konstruksjonar ute i fri natur? Er det forsket på dette? Dette gjelder jo selvfølgeleg alle fuglar og dyr i området.
  • Kvinnherad er også ein stor jorbrukskommune med mykje sau på beite i fjella. Korleis reagerer feks. sauene på desse vindmøllene med lyd , lys og store konstruksjonar ?
  • Turist kommunen Kvinnherad reklamerer med flott natur. Dette er definitivt ikkje vindmøller, dei forsøpler naturen på da grovaste.
  • Viss det vert bygd vindmøller innanfor området som NVE nevner, så vil dei verta synelege frå store delar av Folgefonna nasjonalpark. Dette er vel ikkje etter "boka"??
  • Flotte fjellturar vil "forsvinna" viss det vert vindmølleparkar i fjella våre.
  • Båtturistar vil få forsøpla utsikten mot flotte fjellformasjonar .
  • Sist men ikkje minst, innbyggjarane i Kvinneherad Kommune vil få forringa sitt friluftsliv.

Offshore vindmøller:

  • Argumenter mot vindmøller til havs kan leggjast vekk. Firma som eg jobbar i, er med på vindmølleinstallasjon til havs fleire plassar i Europa.
  • Dette vert gjordt mange plassar i Europa.
  • Kostar nok litt meir, men slepp då konfliktar med den flotte norske naturen.
  • Vindmøller til havs kan dekka straum til oljeindustrien, så kan rein vannkraft gå til rundt omkring i landet. Oljeindustrien har pengar til å betala for dette. Så kan dei tilfalle staten Noreg når oljo ein gong tar slutt.

Oppgradere vasskraftverka i kommunen:

  • Dei gamle vasskraft maskinane som står rundt omkring i kommunen hos SKL og statkraft kan moderniserast . Dette vil truleg gje mykje meir kraft enn nokre vindmøller vil gje. Virkningsgraden på nye maskiner er mykje betre no enn for 40 -50 år sidan.
  • Gje same støtte til dette modernisering av vasskraft, som det vert gitt til vindmølleparkar.