Høringssvar fra Lars Børge Sæberg
Vindmøller i Kvinnherad
Som grunneigar og brukar av naturen er eg sterkt imot å få vindmøller til Kvinnherad. Ei slik utbygging er skadeleg både for folk og dyr, og vil rasera mykje av den fjellnaturen vår! Vi produserer mykje elkraft frå før, ikkje minst i Kvinnherad, ogdersom vi treng meir er det betre måtar å skaffe det på, utan å øydeleggje naturmangfaldet!
Helsing Lars Børge Sæberg