Forsiden

Høringssvar fra Volda kommune

Dato: 30.09.2019

1. Volda kommune aksepterar ikkje ei utbygging av vindkraft innan kommunen sine grenser

2. Sakshandsaming og all mynde knytt til utbygging av vindkraft er i dag sentralisert og lagt til NVE. Til tross for at det kommunale sjølvstyret er både grunnlovfesta og innarbeidd i kommunelova sin formålsparagraf med verknad frå nyttår, så er dette heilt fråverande i samband med vindkraftutbygging med dei verknader dette har for lokalsamfunnet.

3. Volda kommune ber regjeringa straks ta naudsynte initiativ til eventuelle regel-/lovendringar, som klargjer at NVE ikkje kan tildele utbyggingskonsesjonar til vindkraft, dersom kommunestyret i den kommunen det gjeld set seg i mot det.

Vedlegg