Høringssvar fra Åshild Bjelland Eik, Bjellandsvegen 33, 5450 Sunde i Sunnhordland
Fråsegn til nasjonal rammeplan for vindkraft på land.
Gjeld Kvinnherad kommune og område i Etne som grensar til.
Denne fråsegna er personleg, men innhaldet har støtte frå majoriteten av innbyggjarane i kommunen. Ei meiningsmåling lokalavisa Kvinnheringen har fått gjennomført, syner eit stort fleirtal som er i mot vindkraftutbygging.
Det var eit sjokk då det vart kjent at store deler av fjellheimen i Kvinnherad vert vurdert som «best eigna for vindkraft på land».
Allemannsrett og jamleg bruk gjer at mange føler fjella som vår felleseige. Her er plass til alle, - og ein stad å leggja av seg kvardagslege suter og plikter
Mange fjellområde er i dag skilta «Sårbar natur, følg stien»! Også i Kvinnherad har sherpaer vore engasjert med å byggja trapper for m.a. å hindra at sårbar natur skal få unødig slitasje. Når det gjeld vindkraft, vert vern om natur og dyreliv mest ikkje vektlagt.
Gjennom utvikling av norsk vasskraft og oljeindustri, gjorde styresmaktene grep for å sikra norsk eigarskap og gevinst attende til fellesskapet. I vindkraftutbygginga vert utanlandske interesser i stor grad sitjande att med kontroll og eigarskap. Fellesskapet får auka straumutgifter og eit dårlegare livsmiljø.
Fjella har vore ein stad me kan bruka utan å forbruka. Ein stad som gjev topp livskvalitet. Med vindkraftutbygging vert viktige område for friluftsliv og rekreasjon øydelagde for all framtid. Dette gjev verken god helse- eller miljøpolitikk, og er slett ikkje noko «grønt skifte».
Dei store miljøutfordringane på jorda ligg i overforbruk i rike land, og folkevekst og auka ressursbruk i fattige land. Den store forbruksveksten er ikkje lenger berekraftig.
Vår eksport av «grøn» straum til Tyskland, eller andre rike land i Europa, er her heilt utan verknad. Utvekslinga av straum påverkar derimot straumutgifter negativt for private og næringsliv. Kraftbransje og styresmakter driv ein risikosport som kan føra til at kraftforedlande industri i Noreg ikkje får levelege straumavtalar. Dette vil gå ut over vedlikehald og fornying i bransjen. Vegen vert kort til havari, nedstenging og konkurs, eller utflagging til land med omlag 10-gonger høgare klimautslepp pr. produsert eining. (Ref. aluminiumsproduksjon basert på kolkraft.)
Ei betre løysing enn vindkraft er å ta ut potensialet som ligg i oppgradering og fornying av eksisterande vasskraftressursar. Det skurrar kraftig at vilkåra her ikkje er like gode som for vindkrafta. Eit mogleg energioverskot må, så langt råd, nyttast for å sikra og skapa arbeidsplassar i eige land.
Eg vil sterkt oppmoda dei styrande til å fornya kunnskapsgrunnlaget sitt, læra av tidlegare feil og fjerna Kvinnherad og nærliggjande område frå Nasjonal rammeplan.
Innbyggjarane i Kvinnherad aksepterer ikkje ei utbygging som vil gje uerstattelege tap og liten eller ingen gevinst.
Fjellheimen vår skal leverast vidare, utan vindkraftutbygging, til komande slekter!
Vennleg helsing
Åshild Bjelland Eik