Høringssvar fra Eiliv Hånes

Dato: 12.08.2019

Dette verkar til å vere eit redskap til å rasere det meste av det som er att av fri uberørt natur i Norge. Galskap frå ende til ende. Ved hjelp av Energilova synest det no som om det vert fritt fram for investorar med hjelp frå NVE, å rasere resten av fri natur i Norge, uansett kva befolkninga og dei styrande på staden synest om dette. Investorane med hjelp frå NVE vil alltid skrive « at ulempene synest etter deiras vurdering å vere mindre enn fordelane ver utbygging». Ettertida vil felle ein hard dom over ansvarlege regjeringar om ikkje energilova vert endra på dette punktet. Dette synest å kunne ende verre enn om alle verna fossar vart lagde i rør over natta. Mvh. Eiliv Hånes.