Forsiden

Høringssvar fra Ingrid Thue

Dato: 30.09.2019

Vindkraft på land.

Kva pris set ein på urørt natur, livskvalitet, naturmangfald, dyreliv? Er det mogleg å fastsetje verdien av dette i kroner og øre? Om ein alikevel ser vekk frå dette, så verkar det som klimagevinsten er forsvinnande liten. Skal ein også rekne med frislepp av klimagassar frå myrer, nedhogging av skog, utslepp av klimagassar ved transport, sprenging, av-ising med helikopter osv, så kan eg ikkje forstå at dette reddar klima! Har ein dessutan rekna med søppelproblemet som vert etter dei enorme turbinane er utrangerte? Eg har ikkje sett nokon konkret plan og reknestykke på dette, finst det?

Det at profitt går føre omsyn til naturen når det er snakk om så store inngrep og så store konsekvensar på så mange og store område, er heilt galskap. Eg arbeider no i skulen, og for fyrste gong i mitt liv kjenner eg at eg ikkje lenger er stolt av Noreg og vår forvaltning av naturen. Noreg er velsigna med so mykje vakker og rein natur og vi har plikt til å gjere vårt ytterste å ta vare på dette for framtidige generasjonar. Eg vil heile tida søke å lære ungane respekt for natur og dyreliv, plukke søppel etc, men no med ein bismak når eg veit kva som er i ferd med å skje med landet vårt. Det vert vanskeleg å forklara ungane kvifor denne øydelegginga måtte skje. Det er også vanskeleg å forklare bærekraft og føre-var prinsippet, når det ikkje vert teke på alvor av regjeringen i ein slik omfattande nedbygging av natur.

Når klimakrisa vert verre, er det kun ein sterk natur med fungerande økosystem som kan vere buffer. Det er ein stor bløff at Noreg kan redde Europa/kloden ved å ofre naturen og setje opp vindturbinar. Ja, vindkrafta er rein !!--MEN vindturbinane og produksjonen rundt det er ikkje grøn, rein eller bærekraftig.

Eg har enno ikkje nevnt fugledrap,... og insektdrap. Til dømes Bremangerlandet, ei naturperle i verdsklasse som ligg midt i hovedtrekk for fuglar. Skal dette ofrast for profitt??. Veit ikkje regjeringen kor viktig fuglelivet er for heile balansen i naturen? Fuglar forsvinn over heile kloden, også på grunn av klimaendringar, men nedbygging av leveområde og natur er ein like stor trussel. I vindkraftindustrien vert også i tillegg fuglar direkte drepne av turbinar. Dette er galskap. Hubro, ørn, rype o.l. meiner regjeringen at det ikkje er verdt å bevara dei lenger? Fjellknausar vert sprengt for å lage vegar til vindmøller, dette har pågått midt i hekketida for fuglar og det viser vel at det ikkje akkurat er av omsyn til kloden les: naturen, vindkraftindustrien vert bygd ut. Industrien er kanskje ikkje så grøn som ein den vil framstå som? Ekte grøn industri hadde teke omsyn til dyre og fugleliv, hekketid, leveområde osv.

Så er det det reint menneskelege aspekt som tap av rekreasjonsområde, tap av verdi på eigedom, støy som er helseskadeleg. Også reiselivsbransjen kjem til å merke ei bakside med vindturbinar i landskapet. Det er urørt natur som trekk turistane hit. Då meiner eg urørt som i rein og utan store inngrep. (den eigentlege definisjonen av urørt natur har vel Norge svært lite att av). Det menneskelege kjem alikevel i bakgrunn. Hadde dette verkeleg redda klima, så må vi tåle å miste utsikt.. Ja einig, men dette reddar jo ikkje klima! Og det er omfattar så mykje meir enn å "miste utsikt". Eg har ei kjensle av at det er ein god hersketeknikk å bruke dette argumentet når ein bur i Oslo og trur at vindturbiner redder klima. Folk i distrikta "må tåle å miste utsikt" vert det sagt. Har sjølv budd fleire år i Oslo og det er først når eg flytta heim til Sogn at eg har ny innsikt kor viktig og skjørt det er balansen i økosystema og det mest bærekraftige er å ta vare på naturen, dyrke mat lokalt, forvalte skog, legge til rette for mangfald, innsekt, dyreliv osv. Det verkar som regjeringa overser vindkraftmotstanden i distrikta, folk vert ignorert, som om dei ikkje har peiling på forvaltning av natur og klimaproblematikken. De må slutte med løgnene no, ver så ærleg å sei at det er profitt som gjeld.

No skal bærekraftprinsippet enno meir inn i skulen, det er bra. Dei vil i distrikta få lære at vindturbinar ikkje er bærekraftige. Kva til dømes med forureining av reine fjellvatn, spreiing av mikroplast, oljesøl ? Reint vatn vil verte ei stor mangelvare i framtida!. Bør ikkje Noreg ta vare på fjellvatna våre ? Noreg sin natur er fantastisk og den gjev positive ringverknader langt ut over våre grenser. Vi har ofte besøk frå ungdom frå Europa som lærer om økologisk dyrking og går i fjella her. Dei er svært unge, men vert overvelda av naturen og får nye krefter. Dei vert sjokkert når eg viser eksempel på område som er planlagt øydelagd for vindkraftindustrien. Veit ikkje Europearar kva pris naturen må betale for deira "reine" energi. ?

Eg vil peike på den sorga og sinnet, angst og avmakt som spreier seg over landet. Sorga over tapt natur er vel (i tillegg til tap av familie) noko av det som rammar hardast i det indre menneske, på djupna. Dei som ikkje har opplevd denne sorga og angsten bør ikkje uttale seg om kva ein "bør ofre". Prisen på tap av livskvalitet kan ein heller ikkje setje kroneverdi på. Kva med folka på Haramsøya?, kva verdi har deira liv og helse? Eg skriv ikkje dette for å vere spydig, men det verkar som det er ein overordna tanke at folk eigentleg ikkje treng å bu og trivast i distrikta, -ellers hadde vel dette vorte teke på alvor. Naturen og tilgang til naturen gjev god helse, fysisk og psykisk. Rasering av naturen gjev angst (les:panikkangst) og djup sorg.

Den einaste måten å redde klimaet på er at forbruket vårt går drastisk ned. Ta shippingindustrien til dømes, korleis den forureinar meir enn Europas bilpark. ..Og klesindustrien verdas verste forureinar! Det er utruleg at eit klesplagg som har reist rundt halve kloden fortsatt berre kostar 200 kroner i butikk. Men det er ein annan diskusjon, ville berre peike på at det er noko med å starte i rett ende på eit problem. Rasering av naturen i Noreg er definitivt ikkje å starte i rett ende.!