Forsiden

Høringssvar fra Maria S Øvstebø Berge

Dato: 06.08.2019

Olje- og Energidepartemantet

Maria S. Øvstebø Berge

5499 Åkra, Kvinnherad kommune Åkrafjorden 06. august 2019

Høringssvar vedr. NVES forslag til en nasjonal ramme for vindkraft på land

Eg er så heldig å bu i Åkra, ei lita bygd i Åkrafjorden. Me har her mykje vannkraftutbygging rundt oss, både i fjellet og i bygda. Såleis er me eit område som allerede har bygd ut mykje av naturen vår for å sikre kraftforsyninga i Norge, med regulerte vatn i fjellområda våre.

Me ynskjer ikkje fleire vindmøller i Noreg, og heller ikkje i fjella i Kvinnherad som i Nasjonal ramme for vindkraft på land er ein kommune som er aktuell for vindkraftubygging. Eg ynskjer at mine etterkommarar skal kunne gå i fjellet og nyte landskapet utan store, øydeleggande naturinngrep som vindkraft gir. Vakker natur som har vore mine foreldre, barn og barnebarn si glede og ladestasjon, blir omgjort til industriomårde i all framtid. Kvar turbin krev store inngrep i naturen som er uopprettelege. Det gir støy i fjellet, der me som menneske søker for å finne fred og kvile augo på fjell utan forstyrrande element som store, monster av master.

Ei utbygging har store konsekvenser for landskapet me elskar, landskapet me hentar livskvaliteten vår frå, og friluftslivet som gir oss ny energi året gjennom. Me har eit yrande dyreliv i fjellet, ei utbygging av vindkraft vil ha negative konsekvenser for vilt som hjort og rype, og insekter som plantemangfaldet er avhengig av.

Eg er gardbrukar. Ei utbygging av vindkraft vil ha negative konsekvensar for verdien av min jordbrukseigedom, samt for hytta me har bygd i fjellet her. Me er ei bygd som treng tilflytting og ei vindkraftutbygging gir ikkje nye menneske i ei bygd som har fokus på friluftsliv på fjell og fjord for å trekke folk til bygda.

Øydelegging av natur og landskap går ikkje saman med å lokka folk til bygda, korkje for å bu eller for å besøke bygda som turist.

Med venleg helsing

Maria S. Øvstebø Berge