Høringssvar fra Silje M Mathiesen
Nei til vindmøller i Kvinnherad Kommune!
Som innbyggjar i Uskedalen, og født og oppvaksen, og bur framleis på gard er eg sterkt imot vindmøller i Kvinnherad.
Vindmøller vil gjera stor og varig skade på urørt natur som aldri vil verta den same igjen. Det vil eit stort og øydeleggande inngrep på områda til dyremangfaldet vi har i kommunen. Det vil sterkt prega bøndene si utmark som dei treng til sommar beite, men og for områda til t.d. hjort, ørn mm.
Vi i Kvinnherad har allereie gjort store inngrep i naturen for å laga straum og energi, blant anna i Blådalen, med oppdemming av vatn og vegar for å komme seg til kraftstasjonane, og mange andre små kraftverk i kommunen, fleire av dei i Uskedal, t.d. Tverrelva Kraftverk, som vart utbygt frå Mannsvatn og Tverrelva.
Sjølv om 85% av vasskrafta i min kommune er bygd ut, og mykje av naturen er prega av dette med anleggsvegar, tippar, fyllingar, damanlegg og regulerte vatn og elver., ynskjer NVE å øydelegga meir natur for å laga meir straum og energi. Dette går ikkje, og dette er eg strekt imot, og klarar ikkje akseptera at dette er eit forslag i det heile tatt. For som nemnd er 85% av vasskrafta i Kvinnherad bygd ut tilsvarande 3% av Noregs grøne energi. Vi kan ikkje stå inne for at meir av naturen vår vert øydelagd og sprengd vekk for at vi skal produsere straum til andre land!
Uskedalen som har fått fleire plassar plukka ut til vindmøller er eit klatre eldorado som er kjent rund heile verda. Folk kjem langvegs ifrå for å klatra i Ulvanosa, og for å nyta naturen i Uskedal. Vi har og mange turistar som kjem for turar, jakt og fiske. Vi i Uskedalen er heldige som har så flotte fjell og natur rundt oss, og nyttar godt av den. Turar i fjell, jakt og dyr er noko av det som gjer Uskedalen til ein av dei flottaste plassane å bu i heile verda. Og fjella må få vera urørte, flotte og mektige slik dei er i dag.
Dette mitt landskap, og ein viktig del av min identitet, og noko eg vil at framtidige generasjonar av Uskedølingar og Kvinnheringar framleis skal ha tilgang til. Eg vil at dei som kjem etter meg skal ha ein like flott oppvekst i den fantastiske naturen slik eg har hatt. Og ha moglegheita til å gå opp i skogen og fjellet å berre nyte livet å høyre på stillheita og naturen, utan ei konstant during av store vindmøller som vil øydelegge alt den fantastiske naturen rundt oss.
Med dette krev eg at Kvinnherad vert tatt ut av Nasjonal Ramme for Vindkraft.
Med helsing
Silje M Mathiesen
Musland
29/9/19