Forsiden

Høringssvar fra Gunnlaug Vågen Tjelmeland

Dato: 30.09.2019

Som styremedlem i Kvinnherad Turlag sluttar eg meg til deira grundige uttale.

Som innbyggjar i Åkra er eg svært oppteken av at det ikkje vert bygd vindmøller i Åkra- og Matrefjella. Heller ikkje elles rundt Åkrafjorden. Dette er eit flott område som vert mykje nytta til rekreasjon, jakt og sanking. I området er det fastbuande som vil få vindmøller plassert relativt tett opptil buplass og fritidsbolig.

Eg meinar at skattlegging på vannkraft må endrast, slik at allereie utbygde anlegg får nytta potensialet sitt. Om det vert gjort, kan me sleppa å tenkja meir på vindkraft.

Eit anna poeng som skjeldan vert nemndt er å mana til mindre bruk av elkraft.

Vhl Gunnlaug Vågen