Høringssvar fra Anne Marit Eikemo Ersland
Nei til utbygging av vindkraft i Kvinnherad/høyring til Nasjonal ramme For vindkraft
Som Kvinnhering vil eg at mine barn og barnebarn skal kunne oppleva kjent og kjær natur, fjell og fjord slik eg kan det utan at landskapet er øydelagd av store, skjemmande inngrep for å leggja til rette for vindkraftutbygging.
Utbygging av vindkraft vil, slik eg ser det, øydeleggja desse enda vakre landskapa sin verdi som frilufts- og rekreasjonsområde med ubotelege skadeverknader på natur, artsmangfald, dyr, fugl og insektliv. Vi kan ikkje redda klimaet ved å øydeleggja naturen. Intakt natur og økosystem er tvert i mot ein føresetnad for å ta vare på klimaet. Desse inngrepa vil vera permanente og irreversible i form av opptil 250 m høge turbinar med støy opp mot 110 desibel, blinkande høgintenst lys og farlege iskast frå turbinane. Frå andre stader i landet ser vi at landskapet blir omgjort til industriområde med massive og permanente inngrep, skjeringar, oppstillingsplassar og anleggsvegar.
Reiseliv og turisme, basert på natur og kulturopplevingar, blir ei stadig viktigare næring i Kvinnherad. Moglege vindkraftområde er peika ut kloss i nasjonalparkgrensa og Hardangerfjorden og vil fullstendig underminera føresetnadene for turisme knytt opp mot bruk av naturen, som til dømes hytteutleige, organisert jakt og turar til fjells og på fjorden. Dette er særs viktige aktivitetar og næringar som er med å halda liv i utkantbygdene og som samstundes gjer at natur og kulturlandskap blir ivaretatt. Det er og viktig å trekke fram at Uskedalen er i ferd med å utvikla seg til ein internasjonal klatredestinasjon, noko som vindmølleutbygging effektivt vil setja ein stoppar for.
I eit folkehelseperspektiv er tilgang til vakker natur og friluftsliv særs viktig. Utnytting av natur, landskap og kultur til rekreasjon og friluftsliv sommar som vinter vil bli øydelagt dersom det blir vindkraftutbygging. Dette vil og verka negativt i høve tilflytting og rekruttering til lokalt arbeidsliv, trivsel, folkehelse og livskvalitet generelt.
Det er og problematisk at den lokale, dugnadsbaserte tilrettelegginga for lokalt friluftsliv i form av stiar, opne hytter og anna tilrettelegging no kan bli ramma. Døme på dette er dei fem særs populære, opne hyttene reist på dugnad av Vardhaugselets vener i Husnes - Utåkerfjella. Dette er særs populære turmål som bidreg sterkt til aktivitet og folkehelse. Vårt lokale Fjellhaugen skisenter vil og bli sterkt skadelidande om det kjem vindmøller på det populære ski- og toppturfjellet Ingahogg rett i nærleiken.
Eg kan ikkje sjå nokon gode argument for å bygga ut landbasert vindkraft korkje i Kvinnherad eller andre plassar i landet når vi har så mange andre betre alternativ. Dei einaste som tenar på det er private selskap i inn- og utland sterkt subsidiert av gunstige statlege rammevilkår.
Konklusjon
På bakgrunn av punkta over krev eg at Kvinnherad vert tatt ut av Nasjonal Ramme for Vindkraft.
Med helsing
Anne Marit Eikemo Ersland
Sandvoll 27.09.19