Høringssvar fra Sylvi Hjelmeland og Haldor Tveit
Det føreliggjande framlegg til bygging av vindmølleparkar i Kvinnherad, vil innebera eit massivt inngrep i naturen. Dette er eit faktum som me går ut frå alle vil vera samde i , også dei som representerer utbyggarinteressene. I Kvinnherad gjeld det også rasering av naturen i nærområdet til dei største tettstadene i kommunen. Desse områda er svært viktige som rekreasjonsområde for tusenvis av mennesker. I tillegg kjem dei konsekvensar ei slik utbygging vil ha for dyre- og fuglelivet og naturmangfaldet elles i desse områda.
Me vil også påpeika at utbygging av vindkraft på land heller ikkje er lønsam utan store bidrag frå det offentlege. Mellom anna slepp vindkraftselskapa betala grunnrenteskatt. Dei har også andre skattemessige fordelar i høve til f. eks vannkraft. Under same skatteregime som vannkraft vil heller ikkje vindkraft på land vera lønsam. Dei einaste som tener på dette er utbyggarane som på denne måten kan ta ut utbytte som elles skulle ha gått til det norske samfunnet i form av skatt.
Me veit også at tunge tyske kapitalinteresser no har gått inn i denne marknaden. Som eksempel kan her visast til Midtfjellet vindkraft A/S i Fitjar der det tyske selskapet Aquila Capital er eigar av 87,16 % av aksjane. Midtfjellet vindkraft A/S tok for året 2018 ut utbytte på kr 28 mill, pengar som for det alt vesentlege gjekk til Tyskland.
Me veit også at det er store mengder kraft å henta av opprustning av eldre vasskraftanlegg, noko som kun vil medføra minimale naturinngrep. Dersom ei slik opprusting kunne foregå under same skatteregime som den vindkrafta har idag, kan det ikkje vera tvil om kva som vil vera å føretrekka.
Me veit at havvind vert meir og meir aktuelt, jamfør den kontrakt Equinor no har inngått i England om dette. Vidare er det også gjeve store offentlege løyvingar til prosjekt i regi av Equinor til utvikling av teknologi til slik utbygging.
På bakgrunn av ovanforståande synest det svært korttenkt å rasere svære områder av norsk natur, øydeleggingar som ikkje kan reverserast. Det må vera ein langt meir framtidsretta politikk å legga til rettes for ei snarlig oppgradering av eksisterande kraftverk, noko som også ville gjeve ein langt større miljøgevinst enn samtlige planlagte vindmølleparkar i Noreg.
Det påkviler våre styresmakter eit tungt ansvar for ikkje å trø feil i denne saka. I så tilfelle vil vindmøllene bli ståande som sørgjelege monument over dei som i tilfelle har fatta dei feilaktige vedtaka.
Med beste helsing
Sylvi Hjelmeland og Haldor Tveit