Forsiden

Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 275239

Dato: 30.09.2019

Høyringssvar.

Nei til utbygging av vindkraft i Kvinnherad/høyring til Nasjonal ramme for vindkraft.

Kvinnherad er ein kommune med mektige fjell og djupe fjordar. Kvinnherad har ein natur som imponerer langt ut over landegrensa.

Dei høge fjella i Kvinnherad vert brukt som rekreasjonsområde av både innbyggjerar og turistar. Byggjer ein vindpark i dette område vil det få store konsekvensar:

- Irreversible inngrep i naturen.

- Øydelegging av store leveområde for fugl, dyr og insekt.

- Fuglar og insekt som vert drepne av turbinblada.

- Øydelegging av rekreasjonsområde for innbyggjerane.

- Landskapet som vert mindre attraktivt for turistar.

- Støy som sjenerer både dyr og menneske sjølv på store avstandar.

85% av vasskrafta i Kvinnherad kommunen er utbygd. Ved å oppgradera desse anlegga kan ein produsera meir kraft utan nye og store naturøydeleggingar. Vasskraft gjev dessutan lokale arbeidsplassar og offentlege inntekter. Vindkrafta gjev lokalsamfunnet mest ingenting anna enn irreversible øydeleggingar av naturen med alt det inneber.

Eg krev at Kvinnherad vert teke ut av nasjonal ramme for vindkraft på land.

Med helsing motstandar av høyringa

30.09.2019