Høringssvar fra Anita.wedaa
Stans vindkraftutbygging
Mange kommunar i distrikta, med unntak av det sentrale Austlandsområdet, er no utsatt for ei massiv vindkraftutbygging som anten er fullført, under oppføring basert på gamle konsesjonar, eller under utgreiing i NVE si «Nasjonal Ramme for Vindkraft».
Under eit dekke av å vera med å utvikla grøn energi, men i realiteten styrt av EU, Aceravtalen, Grøne sertifikat og norske og utanlandske selskap vert no landskap og natur frå nord til sør lagt øyde for all framtid gjennom permanente og irreversible inngrep til stor skade for artsmangfald, dyre-, plante- og insektliv. Også for friluftsliv, folkehelse og trivsel er tilgang til vakker natur særs viktig. Rasering av natur vil og verka negativt for rekruttering til lokalt arbeidsliv og dessutan ofte medføre verditap på hus, hytter og eigedom. Vær så snill å hør folkets Røst !