Forsiden

Høringssvar fra Inge Audun Røssland

Dato: 18.08.2019

Nei til vindkraftutbygging i Kvinnherad

Kvinnherad har i mange år vore ein kraftkommune og har forsynt, forutan eigen kommune, Sunnhordland og store deler nord Rogaland med kraft. Med høge fjell og store nedbørsmengder har det vore naturleg med denne utbygginga med Folgefonna som eit resorvoar. Stakraft bygde ut i Mauranger for å sikra Sør Norge Aluminium AS (no Hydro Husnes AS) nok straum til aluminiumsproduksjonen. SKL (Sunnhordland Kraftlag) har bygd ut det meste av Blådalen og er i dag på størrelse med Statkraft i kraftproduksjon.

I samband med deira konsesjonsøknad om utbygging av vassdraget frå Tverrfjellet i Uskedalen skreiv dei mellom anna:

«Områda kring Mjelkhaug, Englafjell, Ulvanosa og Kvannto har sårbart høgfjell av stor verdi

Området er prega av leveområde for hjort og ein del leveområde/spelplassar for storfugl. Det er minst ei potensielt verdifull bekkekløft i området og to registrerte elvedelta; Uskedalselvi og Storelva ved Dimmelsvik.

Det er to inngrepsfrie område frå fjord til fjell som startar i Matersfjorden, det største går opp til fjellområda Englafjell/Mjelkhaug/Ulvanosa. I tillegg er det inngrepsfrie fjellområde ved Kvannto og mellom Uskedalen/Omvikedalen.»

Verdien av denne naturen har også NVE påpeika i fleire av avslaga til vidare utbygging av vassdraga på sørsida, bl.a. i samband med utbygginga av Valen Kraftstasjon.

På nordsida av Mjelkhaug ligg nedslagsfeltet til Svartevatnet, drikkevasskjelda for omlag 6000 innbyggjarar i områda Halsnøy, Sunde og Husnes.

Har lyst til å sitera Arne Hauge si vurdering av fjella våre i Grenda frå 08.06-2019:

«Alle toppar og høgdedrag har sitt særpreg, men mellom dei alle og i kjerneområdet av gamle Kvinnherad, står fjellmassiva Melderskin og Ulvanosi med tindar og toppar rundt i ein særstilling. Har du sett desse fjella ein gong, vil du aldri forveksla dei med andre fjell og landskap. Dei er unike. Dei er ikoniske, og kunne like så vel som Dovre, Stetind og Den norske hesten vore våre nasjonale symbol. Å stå på Solfjell midt imellom dei er ei stor oppleving. Vender du deg mot nord ser du mot Melderskin og Rosendalsalpane med lyset frå den kvite fonna bakom. Vender du deg andre vegen får du Englafjell og Ulvanosi med Høgeteen, Geitadalstinden og Øktaredalsnuten midt imot, med lyset frå sola i sør som bakteppe. Du er midt i Fjellheradet og det er ekstra lett å forstå at dette unike fjellandskapet inspirerte forfedrane våre til å kalla området for Kuhind eller Fjella.»

Det er desse toppane våre som no er i faresonen. Med dynamitt vil dei bli sprengde vekk og store maskiner vil gjera det om til ugjenkjennelege anleggsområder.

Ved foten av Ingahogg ligg det einaste skisenteret i kommunen. Frå Fjellhaugen skisenter er det muligheter å gå i kvista/merka løyper rundt Ingahogg og vidare inn i fjellheimen. Verneverdige stølar er eindel av opplevelsane på desse turane. Dette vil ikkje kunne opplevast med vindturbiner i nærområde. Her vil det vera ei sikringssone og fare for iskasting. Heile dette område som kommunen har vore med å støtta økonomisk vil verta rasert

Omlag 90 % av store og små vassdrag i Kvinnherad kommune er bygde ut. Vår kommune har gitt frå seg nok natur til felleskapet.

La etterkommarane våre få oppleva å gå i dei unike fjellområda våre også i framtida med alt dyre og fugleliv.

Fjern vindturbinane frå alle planar i vår kommune

Vindturbiner kan ikkje på noko måte aksepterast !!!

Inge Audun Røssland

pensjonist