Forsiden

Høringssvar fra Marianne Lyngnes Bjørnebøle

Dato: 13.08.2019

HØYRINGSSVAR, Vindkraft på land.

Eg er særs imot utbygging av vindkraft på land i Norge generelt og i Kvinnherad spesiellt.

Ei utbygging i Kvinnherad vil bli synleg og merkbar i store delar av kommunen og vil ha negative konsekvensar for kvar enkelt av oss, for lokalmiljø og for samfunnsutvikling generelt.

Det vil får store konsekvensar for tilflytting til kommunen. Unge småbarnsfamiliar som vel å flytta til Kvinnherad har natur og friluftsliv som ein av hovudgrunnana til å busetje seg i kommunen

Kommunen blir lite attraktiv å flytte til som igjen vil få negativ konsekvens for arbeidslivet.

Øydelegging av natur og landskap går ikkje i hop med satsing på turisme basert på kultur- og naturopplevingar. Kommunen opplev auka turisme pga dei svært varierte naturopplevingane vi har å by på med bratte fjellturar og bading i sjøen på same dag, Tur til Svelgabreen, padling i Blådalsvatnet, turar til alle våre ulike fjell i heile kommunen, klatring i Ulvanosa for å nemne noko

Natur og friluftsliv har stor verdi for trivsel, livskvalitet og helse.

Støy og høgintensiv lys er særs negativt for livskvalitet og helse

Vi har mykje urørt natur, saman med skitrekk, ljosløype, mange ulike turmål/turløyper som er attraktive for oss innbyggarar og for turistar. Dette blir sterkt råka ved ei utbygging.

Ei utbygging vil gjere stor skade på artsmangfaldet, dyre-, fugle- og insektsliv.