Forsiden

Høringssvar fra Kåre Krakhella

Dato: 30.09.2019

Områda rundt Sognefjorden, «Nordhordland og Gulen» og «Sunnfjord og Sogn» må ut av ramme for Norsk Vindkraft.

NVE har vurdert Sognefjorden, men ikkje tatt innover seg at den er det einaste naturfenomenet i Norge som er unikt på verdsbasis. Berre det burde vere nok i seg sjølv til å avvise dominerande tekniske innretningar i området.

Det må også gjerast merksam på at det bur folk her. Folk som har krav på eit fullverdig liv. For det er livet vi snakkar om, dagleglivet, arbeidslivet, fritida, nattesøvnen, ikkje berre friluftslivet som det står i utgreiinga frå NVE.

Det kan heller ikkje godtakast at det blir brukt mot oss at det bur færre folk her enn i hovudstaden. I Hovudforsamlinga i SN har alle ei stemme, Norge med 5 millionar og Kina med 1400 millionar stiller med ei stemme kvar. Slik skal det vere i demokratiet. Når kommune og folk det angår, går imot vindkraftutbygging, må NVE og OED akseptere det.

I utgreiinga er det fleire stader skrive at ein manglar kunnskap. NVE kan fylle nokre av kunnskapshola sine med å sjå på andre land med lengre erfaring med vindkraft. Den massive motstanden mot vindturbinar i Tyskland syner tydeleg at ulempene er mykje større enn tenkt på førehand.

Som grunneigar til Dalsbotnfjellet i Gulen må ein kunne håpe at NVE oppfører seg adskillig meir seriøst enn ved konsesjonssøknaden til Zephyr. På folkemøte i Eivindvik omtalte representant frå NVE området her, kystnorge med fjordar og fjell, som «bakgård». Men det blei også gitt lovnad om at det ikkje blei gitt konsesjon om kommunen var imot.

Gulen kommune var imot, men NVE gav konsesjon likevel. Her er vi vande med folk må stå ved det dei lovar.

Helsing

Kåre Krakhella