Høringssvar fra Heidi Vallestad og Sigurd Årskaug, Flatheim
Uttale til nasjonal ramme for vindkraft
Høyringsfråsegn ang vindturbinar i Viksdalen og Høyangerfjella
I Viksdalen, ved Gaularfjellsvegen, har familien vår drive småbruket Flatheim med turisme og landbruk sidan 1949. Då bedrifta blei etablert var Gaularfjellsvegen ein av hovudvegane gjennom fylket. På 80- og 90-talet blei det bygde fleire og nye vegstrekningar, og trafikken blei fordelt på fleire vegar. Grunnlaget for å drive med turisme langs Gaularfjellsvegen avtok. På midten av 90-talet vart turisme-delen av drifta lagt på is. Ein periode på ca 10 år var det ikkje aktivitet retta mot turisme på bruket. Men så, tidleg på 2000-talet starta arbeidet med å utvikle Nasjonale Turistvegar. Gaularfjellsvegen var ein av dei 18 strekningane i landet som vart valgt ut. Begrunnelsen var at det var ein særprega vegstrekning, frå fjordlandskap, til høgfjell, gjennom bygder, og ikkje minst langs elva Gaula og forbi alle dei vakre fossefalla og vatna som pregar vassdraget. Det var også ei målsetjing å etablere Nasjonale Turistvegar der ein kunne styrke ei ellers næringssvakt område.
Tidleg på 2000-talet flytta noverande eigarar, til bruket, med eit ønske om å skape og å gjenskape næring retta mot turisme som besteforeldra tidlegare hadde etablert. Vi såg at både det verna Gaularvassdraget og den Nasjonale Turistvegen kunne vere med å styrke grunnlaget for å arbeide med reiseliv att. Vi starta gradvis å utvikle reiselivsretta arbeid. Samstundes har Nasjonale Turistvegar lagt til rette med fleire attraksjonar langs vegen. Utviklinga har peika rette vegen, vi har auka aktivitet og omsetning år for år, og særleg dei siste åra har turismen blomstra. I 2018 hadde vi overnattingsgjester frå 41 forskjellige nasjonar på Flatheim. Alle skryt over naturen, fred og ro som blir opplevd her og det ekte. Her er lite inngrep, reint og frodig. Vi har år for år bygd stein på stein, og vi har berekna drifta til no å tilsvare ca 2 årsverk på fulltid. Vi har konkrete planar om vidare utbygging av gjestegarden vår, som vi no kallar den. Vi har sommarkafè, selskapslokale, 4H-gard med gardsbesøk for grupper og enkelreisande, samt overnattingstilbod. Samstundes med at vi har utvikla vår bedrift, har fleire sambygdingar også utvikla ulik type næring knytta til natur og oppleving langs Nasjonal Turistveg Gaularfjellet. At vi legg til rette for dette, skapar aktivitet og bulyst i bygda og i nabobygdene. Det er også eit svært viktig bidrag til at vi framleis kan ha vår eigen nærbutikk i bygda.
Vi registrerer at nokre grunneigarar allereie har skrive kontrakter med utbyggar. Vi har også registrert at mange av desse representerer frårflytta og/eller nedlagde bruk. Om vi skal halde fram med levande bygder treng vi busetnad, aktivitet og drift.
Planane om vindturbinar skremmer oss. Vi meiner det vil forringe naturverdien vesentleg. Nasjonale Turistvegar vil, om desse planane blir gjennomførte, avvikle delar av vegen frå denne statusen. Denne strekninga som kan falle ut, inneheld blant anna eit landskapsvernområde, som heilt klart er eit viktig bidrag til attraksjonskrafta på den nasjonale turistvegen. Dette vil heilt klart svekke turistvegen som heilskap, og det gjer oss i tvil om det vil vere tilstrekkeleg grunnlag for å satse vidare.
Turistane som kjem til oss kjem hovudsakleg for å oppleve naturen. I sommar har fleire av turistane stilt spørsmål om kva i alle dagar Norge tenker på som vil forringe ein verdi som slik urørt natur er, med turbinar, på ein svært invaderande måte.
Vi sjølve som privatpersonar set også verdien av den urørde naturen svært høgt. Vi er veldig glade for at Gaularvassdraget er varig verna, men vi forstår ikkje korleis det samstundes med at dette er verna, kan planleggast vindturbin-industri i nedslagsfeltet til vassdraget. Vi som bur langs vassdraget har «alle mogelege» restriksjonar på tiltak langs elva, medan desse planane no verkar fullstendig lausrivne frå heilskapen. Det gjev verkeleg ikkje meining!
Vi ynskjer ikkje vindturbinar i dette landskapet, og vi meiner det vil vere med på å rive ned det vi endeleg har klart å bygge opp att, og som vi ser ser gode mogelegheiter for å utvikle i framtida.
For oss er naturen, det at vi kan oppleve og bruke den, og nytte dei verdiane den har, nettopp som urørt natur, heile grunnlaget for oss. Det er difor vi bur her, både som privatpersonar og som næringsdrivande. La oss få fortsetje med det!