Forsiden

Høringssvar fra Liv Solfrid Øvstebø Berge

Dato: 15.08.2019

Liv Solfrid Øvstebø Berge

Midtunhaugen 70

5224 Nesttun

Høyringssvar vedrørande NVE sitt forslag til ein Nasjonal rammeplan for vindkraft på land

Vil med dette komme med mitt klare nei til NVE sitt forslag om vindmøller i Kvinnherad, og då spesielt nei til vindmøller i området Blådalen, Ingahogg, Kvanndalsnuten, og fjellområda over Baugstranda m.fl. Dette er eit område med i stor grad urørt natur. Blådalen og Fjellhaugen har tidlegare vore nytta til kraftutbygging i form av vannkraft. Samanlikna med utbygging av vindkraft, gjev utbygging av damanlegg og regulering av vatn, eit skånsomt og mindre uoppretteleg inngrep i naturen.

Eg er oppvaksen i Åkra, Som barn gjekk eg mykje i fjellet med besteforeldre og foreldre. Naturen i Åkra, langs fjell og fjord vart ein del av meg og ein livskvalitet eg har fått med meg vidare i livet. Eg vil gjerne at mine etterkommara skal kunne ha den same gleda av fjellet som eg har hatt. Det å kunne søke til eit stille og vakkert fjell, med frodig natur er ei stor glede og gir rekreasjon for mange langs fjorden.

Det at me enno har eit fjellområde utan store, synlege sår er viktig for oss. Me som bur langs fjorden i Baugstranda og Åkra, bur i ein utkant. Me bur i ein blindveg, og bygdane er prega av at ungdom flyttar ut for å ta utdanning, og i liten grad kjem heim att for å busetje seg. Det at me har ein vakker, urørt natur, med eit fantastisk fjellområde og ein nydeleg fjord, er viktig for å vere ein attraktiv stad å komme til både som turist og tilflyttar.

Ei vindkraftutbygging vil med dei store sprengingsområder det inneber, der fjell og knausar vert sprengt vekk, nye vegar etablert opp i fjellet og store, og ruvande møller med kontinuerleg støy, endre landskapet til eit industriområde.

Det vert viktig for oss som utkantsområde, at me kan ha noko å tilby dei som ynskjer å busetje seg her. Me kan ikkje tilby arbeidsplasser eller store og varierte kulturtilbod i gåavstand. Men me kan tilby ein vakker fjord - og fjell landskap som er tilgjengeleg rett utanfor stovedøra. Urørt natur som du kan gå rett inn i . Det er det som gjer min heimstad så unik, og så vakker. Dette ynskjer eg at mine barn og barnebarn også skal få oppleve og ta med seg vidare i livet som ein del av sine minner og verdiar som knyter dei til staden.

Derfor ynskjer eg ikkje vindkraftutbygging i Kvinnherad, meir bestemt i Baugstranda og fjellområda der. Eg ynskjer ikkje at folkehelse og livskvaliteten for folk som bur langs fjorden skal bli forringa av øydelegging av natur og støy i fjellområdet me hentar krefter i. Me har eit rikt dyreliv langs fjorden. Nokre har etablert sine eigne arbeidsplasser med grunnlag i naturen (Smiedalen Aktivitetsferie, Åkrafjorden jakt, Åkrafjorden Oppleving etc). Det vil ha store konsekvensar for deira vidare drift at ein øydelegg mangfaldet i naturen og dyrelivet med ei vindkraftutbygging. Det å selja eit naturprodukt som er rasert av vindkraftutbygging har vist seg å vere vanskeleg. Turistar vil ha urørt natur, ikkje eit industriområde til fjells med vegar fram til den høgste toppen.

Det er ikkje mykje du får att av pengane du investerer i hus og heim i ein utkant, men me og likar å ha det fint rundt oss og bygger hagestover, hytter i fjellet og naust ved fjorden. Det som skjer med ei eventuell vindkraftutbygging i området Baugstranda og Åkra, er at våre verdiar i hus og hytter langs fjord og i fjellet blir kraftig redusert. Me står foran eit verditap som er større enn ved vindkraftutbyggingar som skjer i sentrale strøk. Det er ikkje rift om husa i Baugstranda og Åkra per i dag. Me får aldri selt husa eller hyttene våre, om det kjem vindmøller langs fjellområda våre. Det blir som om folk i utkantane vert dobbelt straffa om så skjer.

Eg håpar at norske politikarar bruker fornuft og erfaringsbasert kunnskap når dei skal gjere viktige valg for oss og etterkommarane våre. Utbygginga av vindkraft på land er på retur i andre land. Det er andre tiltak som er meir effektive for å redusera strømforbruket, samt andre kjelder til grøn energi.

Norske politikarar bør legga betre til rette dei økonomiske insentivene for opprusting av eldre vasskraftanlegg, samt gi klare rammer for både industri, private bedrifter/offentlige foretak og private husstander i høve tiltak for strømsparing. I Noreg har me ein kultur der me "sløser" med straum. I offentlege og private verksemder er det "fullt lys på" men ingen på jobb. Handlesentre i heile landet har lys på døgnet rundt. Her er det mykje å hente på straumsparing.

Ein bør arbeide med å effektivisere dei kjeldene til straum me allerede har, framfor å gjere uopprettelege inngrep i naturen vår. Nei til vindkraftutbygging på land i Kvinnherad!!

Bruk hovudet og tenk på framtidige generasjonar som og skal kunne ha glede av urørt natur !

Helsing

Liv Solfrid Øvstebø Berge