Høringssvar fra Solfrid Andersen, Hyllestad
Eg går fullstendig i mot heile forslaget til nasjonal ramme for vindkraft. Særleg kan det nemnast - alle område i Sogn og Fjordane. Argumenta mine som talar mot vindraftanlegg; Planane slik dei ligg føre vil vere ei rasering av naturen, særleg uberørt natur. Eg ynskjer naturen, inkludert fjell og myr skal vere uberørt fordi den gjev oss, meg og mine etterkommarar, dei gode opplevelsane som ikkje kan målast i kroner og ører. Det er den totale naturopplevelsen som fremjar den gode folkehelsa både fysisk og psykisk. Eg er i mot vindkraftanlegga fordi anlegga vil komme i konflikt med vår fauna og flora. Ein meir oppstykka natur set fart på masseutryddinga som vi veit allereie er i gang. Vi treng å bevare den samanhengande naturen vi har for å motverke denne trenden. Eg er i mot vindraftanlegg fordi lyd- og lysforholda blir endra frå det naturlege, til det sjenerande. Dei etter kvart kjende konsekvensane av vindkraftanlegg - stettar på ingen måte krava til det ein kallar "grønn energi".
Eg synest absolutt ikkje noko om styresmaktene sin poiltikk som forfordeler vindkraft kontra vasskraft. Det er meg et mogleg vi må sjå det nye og auka energibehovet i eit globalt perspektiv. Det er likevel ikkje slik at vi utan vidare skal selje våre unike naturområde til aktørar, både nasjonale og utanlandske, der den økonomiske profitten er i høgsetet og sentalt. Det bør satsast på ei utvikling av allereie eksisterande vasskraftanlegg.