Forsiden

Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 255233

Dato: 30.09.2019

Høyringssvar om Nasjonal Rammeplan for vindkraft.

Gode NVE.

Eg har lese gjennom forslaget dykkar og studert karta de har brukt som grunnlag for dykkar arbeid med Nasjonal rammeplan for vindkraft.

Mitt svar på dykkar høyringsutkast følgjer under.

* Vindindustri øydelegg urørt natur og trugar biotopisk mangfald i dei områda dei vert bygde ut.

* Vindindustri øydlegg verdifulle rekreasjonsområder. Menneske som har valgt å busette seg nære naturen vert fråtekne livskvalitet, husa og eigedommane deira vert reduserte i verdi. Dei opplever turbinane som sterk visulle forureining, og bur dei nære nok vil lyden turbinane lagar vere eit vedvarande ubehag. Dag og natt.

*Vindindustri i Noreg er inga klimasak. Eg er er oppteken av naturen og miljøet, og det gjer meg trist å sjå korleis denne nedbygginga av våre fjell og utmarker seglar inn under falskt flagg. Sjølv om nokre rekneskap syner at trubinane greier eit energioverskot i forhold til produksjon- og installasjonskostnader er nettorekneskapen framleis uklar. Samalikna med vasskraft så kjem den verkeleg til kort.

*Vindindustrien opplever subsidiebonanza. Dei insentiva selskapa får, er utan samanlikning. Det skattebetalarane sin pengar.

*Vindindustrien representerer ingen sunn, norsk fordelingspolitikk. Vi har eit godt land å bu i. Godt eigarskap, spesielt i energisektroen har bidratt til industrieventyr, arbeidsplassar og høg sosial mobilitet. Vindindustrien er kjenneteikna av det motsette. Mindre selskap og aggresive byråkratar bearbeider kommunar og grunneigarar og sel seg ut til utanlandske investorar når papirarbeidet er gjort. Kommunan sit at med ein liten skjerv, om dei vel å ha eigedomsskatt. 80 % av turbinane som er i drift i dag er eigd utanfor noregs grenser.

*Nasjonal ramme for vindkraft bør behandles i Stortinget. Lokale myndigheter mangler innflytelse i vindkraftsaker, noko de burde få gjennom et vedtak i Stortinget.

*Mi sterke oppmoding er at de ikkje berre skrinlegg Nasjonal rammeplan for vindkraft, men at de trekk attdende dei konsesjonane som er gitt, og at de set stopp for vindkraft-kapittelet for denne gong.