Høringssvar fra Eirin Rørheim Kjærland
Nei til vindkraftutbygging i Kvinnherad og Uskedalen!
Som framtidig grunneigar, har eg ynskje om at ein kuttar bort områder som er avmerka i Kvinnherad som er relevant å bruke i denne utbygginga.
Kvinnherad og spesielt Uskedalen er ei aktiv bygd i forhold til friluftslivet, og har eit rikt naturmangfald. Lokale og turistane nyttar høve til jakt, fiske og turløyper, samt klatring i Ulvanåso. Dette er berre noko av det som er avhengig av ein «rein» natur.
Og så må ein ikkje gløyma jordbruket. Det finns mange bønder i Kvinnherad. Desse er avhengig av fjellbeitene om vår/sommar. Eg ser det difor viktig at ein må bevara naturen slik den er, og ikkje bruke den opp/øydeleggje den, då dette er eit irreversibelt inngrep!
I Uskedalen der eg er vaksen opp, har ein allereie bidratt med å satse på vasskraft. Tverrelva Kraftverk, som vart utbygt frå Mannsvatn og Tverrelva.
Eg seier nok ein gong; Nei til vindkraft i Kvinnherad!
Eirin R Kjærland, Uskedalen.