Høringssvar fra Forhandlingsutvalet for Guleslettene Vindpark
Høyringsuttale til Nasjonal ramme for vindkraftutbygging vedr. område 20-A i kommunane Flora og Bremanger i Sogn og Fjordane.
Bakgrunn
Forhandlingsutvalet for Guleslettene Vindpark representerer alle grunneigarane i planområdet for vindparken der noko av område 20-A omfattar vestre del av planområdet for Guleslettene Vindpark. Guleslettene Vindkraftverk AS fekk endeleg konsesjon i 2016, og NVE-godkjenning for auka installert effekt i 2017. Konsesjonsvilkåra krev kartlegging av trekkande fugl i det vestlege og nordvestlege området som omfattar turbinpunkt 39-47. Denne skal godkjennast av NVE før utbygging.
Fugl
Det er gjennomført kartlegging av trekkaktiviteten for fugl på Guleslettene i 2018-2019 utført av NINA. Rapporten viser at det ikkje er så stort trekk over ytre del av vindparken som forventa, men at hovudtrekka for det meste går lenger vest. Rapporten konkluderer med at det er lite truleg at konfliktområdet er verken lågare eller høgare i fokusområdet (vestre del av planområdet) enn lenger inne i vindparken. Rapporten viser også at mesteparten av fugletrekket går i høgdelaga 200-500 og opptil 1000 m over bakkenivå. Dei vil då ikkje kome i konflikt med vindturbinane som har maks høgde på 158 m til vingespiss. Vi meinar på bakgrunn av dette at fugletrekk ikkje er nokon vesentleg grunn til å ekskludere det vestre området for Guleslettene Vindpark.
Naturtypar
I omtala av landskap i framlegget til nye eksklusjonsområder er det mest fokus på øyområda og ikkje området som omfattar planområdet til Guleslettene Vindpark. Planområdet er del av devonfeltet, men har ikkje det karakteristiske trappetrinnsforma landskapet som ein finn lenger nord og aust for planområdet. Vi ser difor ikkje nokon grunn til å ekskludere deler av planområdet til Guleslettene Vindpark på grunn av naturtypar.
Flaggermus
Lokalitetar som er nemnt som svært viktige for flaggermus i høyringsframlegget er øyer og oddar ut mot havet som Hovden, Bremangerlandet, Måløy og Frøya. Dette ligg godt utanfor planområdet til Guleslettene Vindpark, og såleis heller ingen grunn til å ekskludere deler av planområdet til Guleslettene Vindpark.
Kulturminner
Det er i høyringsframlegget omtalt gravrøyser i området Årebrot-Seljestokken-Botnane. Det viktigaste gravrøysområdet ligg i Botnane. Botnane ligg nærast planområdet for Guleslettene Vindpark, men den nordvestre del av planområdet som ligg aust for Botnane er ikkje planlagt utbygd på grunn av for dårlege vindforhold. Utbygginga vil dermed kome langt unne gravrøyskulturminna. Vi vurderar difor dette slik at det alt er gjort tiltak på grunn av vindforhold som medfører at gravrøyskulturminna ikkje er nokon grunn til å ekskludere vestre del av planområdet slik det er tenkt utbygd.
Forhandlingsutvalet si vurdering
Vi kan ikkje sjå at nokon av punkta ovafor er grunn til å ekskludere vestre del av planområdet for Guleslettene Vindpark i Nasjonal ramme for landbasert vindkraft i Noreg.
Vi er nesten 50 grunneigarar i planområdet der alle er positive til vindkraftutbyggingsplanane til Guleslettene Vindkraftverk AS. Vi ser på det som ei inntektskjelde som kan medverke til at gardsbruka vert haldne i drift, og sikre vidare busetjing i området. Vegnettet i området vil lette arbeidet med blant anna tilsyn med dyr på beite og anna utnytting av utmarksområda. Nye områder vert gjort tilgjengelege for friluftsliv, og nye brukargrupper som t.d. rullestolbrukarar får tilkomst til fjellområda. Arbeidsplassar i anleggs- og driftsperioden er også viktig. Dersom vestre del av vindparken ikkje kan byggast ut, vil forventa inntekt gå vesentleg ned, og noko av grunnlaget for utbygginga fell vekk. Både Bremanger og Flora Kommune har sagt ja til utbygging.
Konklusjon
Framlegg til eksklusjonsområde 20-A må grensejusterast slik at det ikkje omfattar fastlandet mellom Florø i sør og Frøysjøen i nord.
Forhandlingsutvalet for Guleslettene Vindpark
Øyvind Heimtun Anne-Karin Kleiven Rynning
Arne Sørgulen Torbjørn Øvrebotten
Rune Nordbotten