Høringssvar fra Åse Myklebust

Dato: 01.10.2019

Nei til utbygging av vindkraft i Kvinnherad

Eg vil ikkje at mine barn og barnebarn skal arva eit fjellandskap og ei naturperle som Kvinnheradsfjella er, øydelagt av veier og industriområde med store skjemmande vindmøller. Eg ønskjer at borna mine og deira etterkommarar skal få oppleva dei same gledene som eg har hatt av å oppleva kortreist, kjent og kjær natur.

Utbygging av vindkraft vil, slik eg ser det, øydeleggja desse vakre landskapa sin verdi som frilufts- og rekreasjonsområde med ubotelege skadeverknader på natur, artsmangfald, dyr, fugl og insektliv. Vi kan ikkje redda klimaet ved å øydeleggja naturen. Intakt natur og økosystem er tvert i mot ein føresetnad for å ta vare på klimaet. Desse inngrepa vil vera permanente og irreversible i form av opptil 250 m høge turbinar med støy opp mot 110 desibel, blinkande høgintenst lys og farlege iskast frå turbinane. Frå andre stader i landet ser vi at landskapet blir omgjort til industriområde med massive og permanente inngrep, skjeringar, oppstillingsplassar og anleggsvegar. Slik vil ikkje eg ha det i mitt nærområde.

Reiseliv og turisme, basert på natur og kulturopplevingar, blir ei stadig viktigare næring i Kvinnherad. Moglege vindkraftområde er peika ut kloss i nasjonalparkgrensa og Hardangerfjorden og vil fullstendig underminera føresetnadene for turisme knytt opp mot bruk av naturen, som til dømes hytteutleige, organisert jakt og turar til fjells og på fjorden. Dette er særs viktige aktivitetar og næringar som er med å halda liv i utkantbygdene og som samstundes gjer at natur og kulturlandskap blir ivaretatt.

I eit folkehelseperspektiv er tilgang til vakker natur og friluftsliv særs viktig. Utnytting av natur, landskap og kultur til rekreasjon og friluftsliv sommar som vinter vil bli øydelagt dersom det blir vindkraftutbygging. Dette vil verka negativt i høve trivsel, folkehelse og livskvalitet generelt.

Det er og problematisk at den lokale, dugnadsbaserte tilrettelegginga for lokalt friluftsliv i form av stiar, opne hytter og anna tilrettelegging no kan bli ramma. Døme på dette er dei fem særs populære, opne hyttene reist på dugnad av Vardhaugselets vener i Husnes - Utåkerfjella. Dette er særs populære turmål som bidreg sterkt til aktivitet og folkehelse. Vårt lokale Fjellhaugen skisenter vil og bli sterkt skadelidande om det kjem vindmøller på det populære ski- og toppturfjellet Ingahogg rett i nærleiken.

Eg kan ikkje sjå nokon gode argument for å bygga ut landbasert vindkraft korkje i Kvinnherad eller andre plassar i landet når vi har så mange andre betre alternativ, som til dømes oppgradering av eksisterande vasskraftanlegg. Dei einaste som tenar på det er private selskap i inn- og utland sterkt subsidiert av gunstige statlege rammevilkår.

Eg meiner grunnlaget for å rasera naturen er heilt feil, og krev at Kvinnherad vert tatt ut av Nasjonal Ramme for Vindkraft.