Forsiden

Høringssvar fra Mari Haktorson Nerhus

Dato: 29.09.2019

Nei til utbygging av vindkraft i Kvinnherad/høyring til Nasjonal ramme For vindkraft

Eg er imot utbygging av vindkraft i Kvinnherad. Utbygging av vindkraft vil blant anna øydeleggja det vakre landskapet me har i kommunen som har stor verdi som frilufts- og rekreasjonsområde. Reiseliv og turisme, basert på natur- og kulturopplevingar, blir ei stadig viktigare næring i Kvinnherad. Moglege vindkraftområde er peika ut kloss i nasjonalparkgrensa og Hardangerfjorden og vil fullstendig underminera føresetnadene for turisme knytt opp mot bruk av naturen, som til dømes hytteutleige, organisert jakt og turar til fjells og på fjorden. Dette er særs viktige aktivitetar og næringar som er med å halda liv i utkantbygdene og som samstundes gjer at natur og kulturlandskap blir ivaretatt. Det er og viktig å trekke fram at Uskedalen er i ferd med å utvikla seg til ein internasjonal klatredestinasjon, noko som vindmølleutbygging effektivt vil setja ein stoppar for.

I eit folkehelseperspektiv er tilgang til vakker natur og friluftsliv særs viktig. Utnytting av natur, landskap og kultur til rekreasjon og friluftsliv sommar som vinter vil bli øydelagt dersom det blir vindkraftutbygging. Dette vil og verka negativt i høve tilflytting og rekruttering til lokalt arbeidsliv, trivsel, folkehelse og livskvalitet generelt.

Me kan heller ikkje redda klimaet ved å øydeleggja naturen. Intakt natur og økosystem er tvert i mot ein føresetnad for å ta vare på klimaet. Vindkrafta vil gjere store skadar på natur, artsmangfald, dyr, fugl og insektliv. Desse inngrepa vil vera permanente og irreversible i form av opptil 250 m høge turbinar med støy opp mot 110 desibel, blinkande høgintenst lys og farlege iskast frå turbinane. Frå andre stader i landet ser vi at landskapet blir omgjort til industriområde med massive og permanente inngrep, skjeringar, oppstillingsplassar og anleggsvegar.

85% av vasskrafta i Kvinnherad kommune er bygd ut og dette tilsvarar 3 prosent av Noregs grøne energi. Dagens statlege subsidiar og skattlegging favoriserer vindkraft så mykje at betre, billigare og meir skånsame alternativ som enøk og oppgradering av eldre vasskraftverk blir mindre lønnsame. Med ei politisk omlegging av rammevilkåra tilsvarande dei som gjeld for vindkraft, ligg forholda særs godt til rette for ei effektiv modernisering av dei gamle vasskraftanlegga i kommunen med eit stort potensiale for uttak av meir grøn energi og med minimale og mykje meir skånsame naturinngrep.

Ein bør også heller vurdere andre alternative energikjelder som havvind, jordvarme, bioenergi og på sikt bølgjekraft og havstraum. Eg kan ikkje sjå nokon gode argument for å bygga ut landbasert vindkraft korkje i Kvinnherad eller andre plassar i landet når vi har så mange andre betre alternativ.

På bakgrunn av punkta over krev eg at Kvinnherad vert tatt ut av Nasjonal Ramme for Vindkraft.

Dato: 29.09.2019

Helsing Mari Haktorson Nerhus