Forsiden

Høringssvar fra Iris Matre

Dato: 24.09.2019

Klima eller natur - ja takk begge deler

Eg kjem frå kommunen Kvinnherad, som er kjent for fjellområda sine. Friluftsliv har alltid vore ein viktig del av livet mitt. Gjennom å vandre i fjell, skog og mark, oppnår eg sinnsro, lykke og audmjukskap. Det er godt iblant å kunne kjenne på kontrastane mellom sivilisasjonen og naturen. Ein får eit større perspektiv på livet, og eg merkar at eg lettare kan takle problem relatert til kvardagen. Fjella lokalt betyr mykje for meg og eg har nytta meg mykje av dei.
NVE kom med forslaget Nasjonal Ramme for Vindkraft i april. Kvinnherad er eit av dei 13 aktuelle områda og står i fare for å miste ein unik verdi. No skal noko av det mest urnorske gjerast om til eit industriområde. Vindkraft på høgfjell inneber at kolossale mengder areal som blir tapt, beslaglagt og sprengt opp for å sette opp vindturbinar. Eg meiner at vi bør stoppe opp og tenkje oss litt om før vi handlar.
Utbygginga av vindturbinar vil ikkje berre bidra til at dyreliv mistar habitat, det biologiske mangfaldet blir ikkje berre bli forstyrra, ørnar står ikkje berre i fare for å bli utrydda; noko essensielt for den norske historia, den norske identiteten og kulturen blir frårøva. Friluftsliv har stor betydning for innbyggjarane i kommunen og ikkje minst tilreisande. Det er nettopp det som gjer at eg vurderer å etablere meg her som vaksen. Dei lokale fjella den einaste grunnen til at eg vil bu på ein så desentralisert plass.
Friluftsinteresserte nordmenn søkjer ikkje naturen fordi dei ikkje har noko betre å gjere på. Det er for å ta avstand til sivilisasjonen og den travle kvardagen, forstå at bagatellar i kvardagen ikkje har så mykje å seie i den store samanhengen, for å få tid til å fundere på stort og smått og kjenne på stillheita som rommar frie tankar. Hadde vi ønska å bu på ein parkeringsplass, hadde Noreg for lengst vore dekka av asfalt. Det er ein grunn til at ferd i urørt natur har tatt seg betrakteleg opp dei seinare åra.
I denne samanhengen blir natur stilt opp mot miljø. Det største argumentet for å byggje ut industriområde i den norske fjellheimen er kampen for å reversere klimaendringane. Det synes eg er svært uheldig. Så klart må vi gjere det vi kan for å finne løysningar på problemstillingane knytt til klimaet. Det er imidlertidig unødvendig å sette ein prislapp på noko som har eigenverdi i kraft av seg sjølv, når det finst andre utvegar. Eg meiner at begge verdiane er like betydningsfulle, og at dei i utgangspunktet aldri burde ha vore to motargument. Ved å byggje ut meir energi, legg vi opp til meir overforbruk, noko som er ironisk i denne samanhengen. Ein bør klare å skilje mellom kvantifikative og kvalifikative verdiar. Det kan nesten opplevast som om det ikkje berre er grøne hensikter som står bak.
Eg kan sikkert oppfattast som litt enkel, sta og egoistisk fordi eg ikkje ønsker at ein satsar på ei fornybar energikjelde. Det står ikkje på at eg er redd for blinkande lys eller at eg ikkje eig noko ønske i å ofre noko for klimaet, tvert om. Det er derimot svært unødvendig å utbyggje denne forma for vindkraft då det finst alternativ som gir langt mindre irreversible inngrep. Berre ved å oppgradere dei eksisterande vasskraftanlegga nasjonalt, kan ein auke produksjonen av elektrisk energi med 40%. Eit anna alternativ er opplagt å leggje vindmøllene langs kysten, noko som vil gi langt mindre skade og beslaglegging av naturområde. Det finst så mange løysingar, vi må berre være kreative og ikkje forhaste oss.
Eg synes at situasjonen er særdeles trist. Det riv i hjartet mitt når eg veit at et stykke av min og ikkje minst andre sin identitet og opphav står i fare for å bli øydelagt. Kor blei det av den norske folkesjela? Kor blei det av det nøysame og sparsame folket som tok vare på det dei hadde og forvalta det på naturens premissar? Eg meiner at ein politikk som blir styrt av profitt og konsum ikkje vil føre til betring i samfunnet.
Det er på tide at vi tek eit steg tilbake og tenkjer oss om. Vi må roe oss ned. Det er nok av tid igjen - vi må berre bruke den fornuftig. Det finns lønnsame metodar det er forska for lite på som er tilgjengelege i nær framtid. Det krever at ein er nytenkjande og kreativ. Er vi opne for det, kan klima og miljø vere begge ein prioritet.