Forsiden

Høringssvar fra DNT ung - Solveig Haugland

Dato: 27.09.2019

Nei til vindmøller i Kvinnherad!

Kvinnherad er Noreg i eit nøtteskal. Høge og spisse fjell, djupe fjordar og den mektige Folgefonna. Så utruleg mykje å utforska og oppdaga. Granittveggen i Ulvanåso trekk stadig klatrarar til bygda Uskedalen. Ikkje berre norske klatrarar, men også klatrarar frå utlandet. Rosendalsfjella byd på fantastiske skiturar, både med tungt og lett utstyr. Øyområdet utanfor Sunde og Halsnøy er eit bra utgangspunkt for både korte og lange kajakkturar. Ein finn også fleire kajakkutleiger her. I Blådalen kan ein padle kajakk på Møsevatnet og gå bretur på Møsevassbreen.

Vi som bur i, og kjem frå, Kvinnherad er priviligerte. Vi har naturen rett utanfor husdøra. Den er som ein stor leikeplass der berre vi sjølv kan setja grenser. Denne leikeplassen kan IKKJE øydelegjast! Utsikta frå dei spisse fjella vil bli øydlagd. Suset frå møllene vil øydelegja dei stille og fredfulle naturopplevingane. Verst av alt, det vil ha store negative verknadar på dyrelivet i fjella våre!

Nei til vindmøller i Kvinnherad!

https://turjenter.no/ukens-turjenter-uke-38/
https://www.climbing.com/places/higher-calling-untouched-pristine-granite-domes-in-norway/