Forsiden

Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 238760

Dato: 30.09.2019

Eg seier NEI til vindkraftindustri i Vindafjord Kommune!

Eg har eit sterkt ønske om at HEILE Vindafjord Kommune blir TATT UT av kartet frå Nasjonal ramme for vindkraft på land!

Vi har ein flott og unik natur med fleire urørte fjellområder i Vindafjord. Ein natur vi må ta vare på! Eg har stor glede av naturen, både sommar som vinter. Det er medisin for kropp og sjel! Det er store fjellområder som er utvalde. Fjellområder som til dagleg er godt brukt av friluftsintresserte og mosjonistar heile året. Bare tanken på at desse flotte områda kan bli totalt raserte for all framtid gir meg dårlegare livskvalitet. Det er som å ikkje klara å våkna opp ifrå eit mareritt.

Utbygging av vindindustri har store negative konsekvensar for natur og folkehelse. I stadenfor å øydeleggja naturen bør ein oppgradera dei eksisterande vasskraftverka i Noreg. Dette vil gi ein meir fornybar energi enn all planlagd vindkraftverk i heile Noreg. Og dette utan å øydeleggja meir dyrebar natur! Kva med solcelle-teknologi? Og det å kunna forbruka mindre!

Vi treng ikkje vindkraft i Noreg. Vi har nok med vasskraft i lang lang tid framover! Det er ikkje for Noregs behov at det skal byggjast vindkraftverk, men på grunn av utanlandske behov. Vindkrafta blir overskuddskraft som skal eksporterast til Europa. Vil vi verkeleg rasera dei norske fjellheimane som vi er så stolte av, for at vi skal kunna selja billeg straum til Europa??? Eg synest det er skremmande at pengar har så stor makt her i verda! At vi er villige til å rasera all natur så lenge det er pengar i biletet. GALSKAP!

Kva med alle dyreartane, fugleartane og insektene som lever i desse områda? Skal ikkje dei ha ein del i ordet? Vi menneske kan bare ta oss til rette å rasera heimane deira? Vindturbinane fungera som drapsmaskinar overfor fuglane og insektene våre. Turbinane bråkar og lagar bevegelsar som øydelegger livsområda for dei artene som lever der. Om natta blinkar turbinane raudt lys som ikkje er naturleg for fugle- og dyrelivet. I Tyskland drep turbinane 1200 tonn insekt i året! Vi veit frå tidlegare medieoppslag at vi står i fare for å få redusert insektene i framtida dersom vi ikkje gjer nokon tiltak.

Vindturbinane krever store naturøydeleggingar under frakt og montering! For å få desse monstertubinane opp på fjella må ein byggja lange breie vegar gjennom urørt natur! Skog skal hoggast ned, mengder med sprengsstoff skal brukast til å laga desse lange og breie tilkomstvegane på kryss og tvers i kuppert terreng opp til toppen og over fjellet. Myr, små tjørn og vatn blir øydelagde! TOTAL RASERING! Og dette skjer i leveområda til dyr, fuglar og insekter.

FN slår fast at tap av natur er ein lika stor trussel som klimaendringane!

Vindturbinane kan bli opp mot 250 meter høge og sjåast frå 50 kilometers avstand! Mellom kvar vindturbin bli det bygd ca. 800 meter lange anleggsvegar, og for kvar vindturbin skal det byggjast ein oppstillingsplass som er på størrelse med ein halv fotballbane. Vindturbinane har ein levetid på 12-15 år.

Naturinngrepa er ikkje reversible, og øydeleggingane vil bli ståande for all framtid som eit symbol på ein feilslått klimapolitikk!

Kva med folkehelsa? Natur og friluftsliv har stor verdi for trivsel, livskvalitet og helse. Vi veit at det å komma seg ut i naturen bidrar til betre helse. Det å kunna oppleva total stillhet og ro med nydeleg fuglasong og lyden av rennande vatn i bakgrunnen. Det er terapi for sjela. Ein unngår angst og depresjon. Ein tenkjer betre, blir meir kreativ og ein følar seg sterkare til å ta fatt i ein stressande kvardag!

Kva vil skje med helsa og livskvaliteten vår om vi vel å rasera naturen og fjellområda våre om til store industriområder?? Kor skal vi få oppleva ro og stillhet? Kor skal vi henta styrken ifrå? Er det slik at vi alle endar opp på psykriatisk avdeling til slutt? Meir sjukefråvær frå jobbane.

Naturen treng ikkje mennesket, men vi mennesker treng naturen for å overleva! Naturen er livsgrunnlaget vårt! IKKJE TA DETTE IFRÅ OSS!!!

Kva med turisme? Kjem turistane til Noreg for å oppleva storslått natur og mektige fjell? Eller kjem dei til Noreg for å kunna ta ein "selfie" med ein bråkande 250 meters høg vindturbin i bakgrunnen?

Visuell forureining av vindkraftverka vil øydeleggja for lokalbefolkninga og for framtidas turisme, og til tross for at utbyggjarane hevdar at vegnettverka vil føra til at folk kjem seg ut i naturen, vil det vera livsfarleg å ferdast i industriområdet store delar av året på grunn av iskast frå rotorblada.

Lydforureining og skyggekast vil vera eit problem for mange, både for folk som vil nyta friluftslivet i nærleiken av industriområdet og for folk som bur i nærområdet til turbinane. Vil også vera eit stort problem for dyre-og fuglelivet. Stor støyplage ved at kvar vindturbin gir opp mot 110 dB.

Det er fare for forureiningar til vatn, elvar, bekkar og området rundt turbina som følgje av oljelekkasjar frå turbinane og fare for brann som følgje av varmgong.

Sletne turbinblad som fører til avskalling av mikroplast blir slengt ut i naturen som dyr, fuglar og fisk får i seg.

Produksjonen av turbinane er svært forureinande i andre land. Vindturbinblada er ikkje gjenvinnbare!

Infralyd: Vindturbinane lagar lågfrekvent støy som er veldig farleg for mennesker og dyr. Infralyd er definert som lyd lågare enn det øyra kan oppfatta. Det er lydbølger vi blir utsatte for, men som vi ikkje merkar som lyd. Infralyd trenger seg inn i hus og gjennom indre organer hos mennesker, dyr, fuglar med meir og kan føre til store helseplager som svikt i hjartemuskelen, depresjon, søvnproblemer, migrene, hovudverk, høgt blodtrykk, konsentrasjonsplagar, hukommelsesvanskar, epilepsi osv osv. Kva vil infralyd bety for den norske folkehelsa i framtida?

Etter alle nye fakta og erfaringar ifrå andre land som viser at utbyggjing av vindkraftverk er svært skadeleg og har store konsekvensar for naturen, dyrelivet og helsa, så er det GALSKAP og ein stor SKAM at Noreg no idag er villige til å gjera det samma!

TA TIL FORNUFT! VI FÅR ALDRI NATUREN TILBAKE!

Ein fornuftig fjellvettregel å ta i bruk: DET ER INGEN SKAM Å SNU!

Med vennleg helsing Naturelskar.