Forsiden

Høringssvar fra Mari Mehl

Dato: 26.09.2019

Eg meiner regjeringa må tenkja seg om før dei plasserer vindmøller på land. Den største kvaliteten vi har i landet er naturen, og vindmølleparkar lagar sår vi aldri får vekk. Eg er spesielt i mot vindmøller i heimkommunen min Kvinnherad, og eg trur at dersom regjeringa har tolmod, så vil teknologien til havs snart bli så god at ein kan plassera energieffektive vindmøller der. Vil og minna om kor mykje flott natur som har blitt øydelagd av vasskraftutbygging i dette landet. No må vi tenkja oss om. Ja til fornybar energi, men nei til rasering av naturen vår.