Høringssvar fra Kirsten Bruvold
Nei til vindmøller i Kvinnherads-fjella!
Den vakre naturen med mektige fjell som omkransar bygder og fjordar er sjølve sjela i denne regionen. Det gjer at innbyggarane også lever godt med lange vintrar utan sol, men den dagen vindindustri med monsterturbinar står som klyppande og durande metallkonstruksjonar på toppane, er Kvinnherad øydelagt og mister sin attraksjon både for fastbuande og tilreisande.
Kvinnheradsnaturen er spesiell fordi regionen har særlege kvalitetar konsentrert innanfor eit lite område. Her er det korte avstandar mellom bygdar, fjordar, fjell og bre, noko ein ikkje finn i resten av landet og noko som gjer kvinnhersregionen særleg sårbar for naturinngrep og fører til at mange vert ramma.
I Uskedalen ligg Ulvenosa, eit storslått fjellmasiv med fleire alpine toppar som stuper nesten loddrett og dramatisk ned i vatnet i Fjellandsbø-grenda. Dette er blitt eit klatreeldorado for heile landet, både fordi tilkomsten er kort og enkel og fordi klatrerutene er mange, varierte og lange. Vatnet ved foten av fjellet er også eit kjent turområde for heile regionen, tilrettelagt med gapahuk, grill- og bålplass. Om sommaren kan ein bade og fiske her, om vinteren legg isen seg fort og det er eit yrande liv med skeiseglade ungar og vaksne. Dette må ikkje øydeleggast av vindindustri!
Hauglandsfjellet med vakre Solfjell bak, er også eit viktig tur- og treningsområde for heile bygda med fleire skogsvegar og turstiar som er i bruk kva einaste dag, både på ettermiddagar og kveldstid året rundt. Dette området er også tilgjengeleg for eldre, uføre og småbarn dersom ein køyrer ein bomveg. På Hauglandsfjellet ligg eit rikt fiskevatn og heile Uskedalen si hytte, Fjelly, som er eigd og drifta av Ungdomslaget, men open for alle. Her er også viktige beiteområde for dyr.
I tillegg er dalen mellom Englefjell og Manen både beiteområde og eit flott klatreområde for alle nivå med ulike ruter på begge sider. Dette er eit ynda øvings- og kursfelt. Eikedalen er også eit kjært turområde for heile bygda, og turboka på Flatene vitnar om stor turaktivitet av barnefamiliar og eldre. I løpet av knappe to timars marsj vidare derfrå, når ein også vakre fjellområde med gode fiskevatn bak Ulvenosa, Englefjell og Manen, og på kort tid kan ein gå vidare til Svartevatnet med open turhytte, bygt på dugnad, og så svinga ned til bygda Herøysund. Elles kan ein gå vidare og enda ved Bremstølsvatnet på Husnes nedanfor Svaneheia og Mjelkhaug som også er peika ut til vindindustri. '
Her er altså korte avstandar mellom alt og alle, og vindindustri på fjella vil ramme hardt, både klatreidretten og viktige og varierte turmål og turistmål med friluftsliv for fleire bygdelag. Vindindustrien må stoppast! Blir desse områda sprengt og flata ut av industrivegar og bygt ut med metallkonstruksjonar på 200-250 meter, blir friluftsliv og ikkje minst dagleglivet, øydelagt for tusenvis av menneske i Kvinnherad, for inngrepa vert svært synlege og høyrbare for mange.
Det må elles leggast til at Kvinnherad allereie er ein stor kraftprodusent, takka vere omfattande vasskraftutbygging i fjellheimen. Vi har alt ofra mykje natur for fellesskapet! Friluftsturisme er i tillegg blitt ei viktig næring som må skjermast og vidareutviklast. Då treng vi også urørt natur og stilla. No vil vi frede resten av fjellheimen vår. Den treng vi! Vi er glade i fjella vår og i det unike friluftslivet Kvinnherad kan by på. Det bør myndigheitene forstå og ha respekt for. Å øydelegge naturen er ikkje eit miljøtiltak!