Forsiden

Høringssvar fra Bjørn Bråtveit

Dato: 01.10.2019

Hei

Eg er sterkt kritisk til meir vindkraft i urørt natur.

Urørt natur er ikkje ein fornybar ressurs, og inngrep av ein slik skala som vindkraftverk førar med seg, vert ståande til evig tid.

FN har nylig konkludert i ein rapport, at tap av naturmangfold er ein stor trussel mot kloden.

Finn det derfor ikkje at utbygging av vindkraft, er i samsvar med dei grep me må ta for å redde natur, og biologisk mangfold i Norge.

Er og sterkt uro over plagane som naboer til vindkraft må leve med. Støy og skyggekast. Tap av nattesøvn, og kanskje nedgang av verdi på eigedom.

Her må Norge som nasjon ta ei solid vurdering. Finne ut kva som gir best kost nytte effekt, for å kunne skaffe til veie nye TWh.

Enøk og betre skatteregime for vannkrafta.

Mvh Bjørn Bråtveit