Høringssvar fra Dagrunn Øvregård
Vi bur her på bygda fordi vi har så flott natur rundt oss. I Syvde er det eit aktivt idrettslag og fjelltrimmen er viktig for veldig mange. Dersom vi skal gå blant vindmøller på fjelltur kjem nok ikkje dette til å frist. Vi MÅ få ha naturen for oss sjølve, naturen er nesten den einaste grunnen vi har for å marknadsfører bygda til turistar. Fråflyttinga er stor her i Vanylven kommune, men eg er sikker på at den vil auke om naturen vert øydelagt for oss. Stopp vindmølleplanane!!!