Høringssvar fra Sindre Kvalheim
Takkar for moglegheita til å koma med innspel til Nasjonal ramme for vindkraft på land, og privilegiet det er å veta at det offentlege høyrer på meiningane til enkeltindivid i eit demokratisk system!
I den siste tida har det vert mykje debatt rundt vindindustri i Norsk natur. Mykje har blitt sagt, både på sosiale media, i kronikker og tv-sendte debatter. Saka engasjerer mange! For meg har dette blitt en veldig viktig sak. Ei sak eg kjenner angår meg på eit personleg plan, og som skaper eit dypt engasjement om politikk, miljø og viktige verdiar i eit vakkert land.
Difor ynskjer eg å svara på denne høringa frå OED, med utgangspunkt i analyseområde 18.(Bjørnwest fjella):
Innspel til nasjonal ramme for vindkraft på land:
1a) Lokale konsekvensar:
- Utbyggarane lover mange lokale arbeidsplassar, men realiteten viser at etter byggeperioden med innleid arbeidskraft, er det få arbeisplasser for lokalsamfunnet.
- Verdier på boliger/hytter vil trolig synke betraktelig
- Vindindustri øydlegg verdifulle rekreasjonsområder.
- Menneske som har valgt å busette seg nære naturen vert fråtekne livskvalitet,
- Sjølve turbinane vert oppfatta som sterk visull forureining, og bur dei nære nok vil lyden turbinane lagar, gje eit vedvarande ubehag. Dag og natt.
- Skyggekast vil også være ein belasting for Matre, grunna sola går lavt over fjella der fleire utbyggarar planlegg industri.
1b) Konsekvensar for naturen
- Det er påvist frå faktisk.no at 100 havørn er drept på smøla i direkte tilknytting til vindindustri.
- Tap av natur er ifølge FN ei av dei største utfordringane for klima.
- Irreversible "midlertidige" inngrep som oppleves som unyttige og hjarteskjerande. Vegar og oppstillingsplassar som vil vera synlege lenge etter konsesjonstida er overstått om 30 år.
1c) Personlege konsekvensar
- Vi som familie har tilknytting til Matre som ligg sentralt i analyseområdet.
- Tilflytting til Matre i Masfjorden kommune blir uaktuell ved bygging av vindindustri i fjella over Matre
- Ein blir frarøva muligheten til å bu ein plass som i dag er ganske attraktiv og full av moglegheiter innan tur, jakt og friluftsliv. Dette vil vi sjå på som et stort tap, og særs sårt.
Bør det fastsettes ei nasjonal ramme for vindkraft?
2a)
Det å ha ein nasjonal ramme for vindkraft er i utganspunktet ein viktig og god tanke! Problemet oppstår når den nasjonale planen skal leggast etter at mange vindkraftverk allereie har fått konsesjon og er sluttført eller i startfasen av byggeperioden. Det verkar også som om ikkje alle delar av planlegginga er lagt inn for analyse av områda som no er peikt ut. Frå Statens vegvesen sitt høyringssvar kan ein lesa følgande i forbindelse med utgreiing av analyseområda: "Statens vegvesen/Vegdirektoratet er ikke kontaktet. Framkommelighet og tilstand på nødvendig vegnett er ikke tatt med som eksklusjonskriterium." trykk her for link til høyringssvaret.
Nasjonal ramme bør derfor skrinleggast. Det er for seint. Ein bør no fokusera på å kutte utslepp av olje og gass. Sidan vi er i verdenstoppen av fornybar energi (der 96% av landet er forsyna med vasskraft (kjelde: energinorge.no)). Vi treng å fokusera på å bytta ut offshorenæringa olje og gass til offshorenæring med vindundistr i havet.
Når miljøet og klimaet skal reddast, må det desverre og gjerast tiltak som fungerar. Dette kan bety å kutte i eksportering/utvinning av fossile brensel. Sjølv om det kostar oss pengar. Vi treng ikkje berre tiltak der ein kan tjena pengar. Vi kan enda opp med å gjera noko forhasta og noko vi eigentleg ikkje vil ha, eller treng, akkurat no.
Vi ber derfor inderleg om at vindindustri i fjella våre ikkje blir ein realitet, men at ein heller ser på andre, og i mine auge, betre løysingar!
Med venleg helsing
Sindre Kvalheim