Forsiden

Høringssvar fra Harald Otterstad

Dato: 25.09.2019

I ei tid der vi veit at den største trusselen mot naturmangfoldet er arealinngrep, er det ein baklengs tankegong å bygge ut store areal på land med vindkraft og tilhøyrande infrastruktur. Den naturen som blir øydelagt får vi ikkje tilbake. Her må politikarane ha "is i magen" og vente på utviklinga av vindkraft til havs. Vindkraft til havs vil truleg avgi langt mindre spor i naturen enn på land. Dessutan er også mange av områda som foreslått for vindkraft på land, ofte nytta frilufts- og rekreasjonsområder. Vindkraftutbygging vil øydelegge denne verdien for mange menneskjer, og i tillegg er vindturbinar ikkje så pent å sjå på reint estetisk heller. Harmoni i landskapet er viktig for oss menneskjer. Vindkraft utbygging vil ikkje bidra til dette, tvert i mot.

Nei til vindkraft på land.