Høringssvar fra Wermund Vetrhus
Det skal ikkje byggjast vindturbiner i Kvinnherad. Areala som er avsett i NVE er i konflikt med mange omsyn. Likevel er det særs viktig med ei nasjonal ramme for vindkraft på land i Norge. Det eksisterer område der ein kan forsvare utbygging av vindkraft. Desse må ein finne fram til, slik at områda som ikkje kan byggjast på får vere urørt. Dette vil gi tryggleik for dei som er redde for å få nærområda sine rasert av breie anleggsvegar, utsikta tatt av stadig høgare vindturbinar og ro og fred øydelagd av støy og blinkande ljos. Det vil og gi faste rammer for dei som vil byggje ut vindturbinar, slik at dei har ei føreseieleg framtid å forhalde seg til.
Det er truleg at med den motstanden som no er komen, så vil kraftprodusentar og investorar oppleve at dei tidlegare romslege rammene blir kraftig reduserte. Dei vil difor ikkje lenger sjå på ei nasjonal ramme som ei føremon, slik dei antakeleg gjorde før dei møtte motstand. Dette er ikkje eit argument for å skrote ramma for vindkraft på land. Det er eit argument for å halde på den. Dersom ei slik ramme berre skal tene dei som sit som investorar, er den ikkje mykje verdt. Den må tene dei som potensielt vert råka av utbygginga utan rammeplan og.
Areala i Kvinnherad som er avsett er habitat for Hubro, Kongeørn og Havørn. Kongeørn er observert fleire gonger med avkom. Havørn er observert frå låglandet og høgt til fjells. Hubro er observert i låglandet. Desse er observert ved fleire høve og er mellom anna grunnen til at ein ikkje skal byggje ut vasskraftverk i t.d. Børsdalen. Areala er og habitat for rype, som er på raudlista som følge av kraftig nedgang i bestand. Personleg spekulasjon er at tap av habitat er stor grunn til dette. Dersom ein hadde sett opp ei innretning som tok livet av ørn, ville ein som privatperson risikere store bøter og fengselstraff. Ordtaket om Kong Salomo og Jørgen Hattemakar har sjeldan vore meir treffande. Vindturbinar er stadfesta at tar livet av fugl i store antal.
Det er eit nasjonalt må å verne om våtmarker og myrer, store delar av det området NVE har peika ut i Kvinnherad er nettopp dette. Våtmarker og myrar vil uansett bli påverka, då tilkomstvegar og anleggsareal vil måtte gå gjennom eller liggje i våtmarker og myrer. Dette kan ein ikkje akseptere. Vern av våtmarker og myrer er ein viktig del av det grøne skiftet, då det ligg mykje karbon lagra i desse. Då kan ein ikkje i fullt alvor rasere natur som vil sleppe ut CO2, med argument om at det skal redusere klimagassutslepp.
Areala som er peika ut i NVE sin plan er viktige turområde for heile kommunen. Dette grunna kvalitetar som utsikt, fråver av støy, urørt natur, dyreliv, stjernehimmel med lite lysforureining, kjensla av å komme vekk frå dagleglivet sitt mas og jag. Dette er alle kvalitetar som kjem til å forsvinne eller bli så forringa at dei ikkje lenger er relevante for opplevinga.
Vegane som skal frakte opp 70-90 m lange konstruksjonsdelar vil måtte øydeleggje og skape store sår i landskapet. Det vil ikkje vere mogleg å gjennomføre dette på ein skånsam måte. Det syner utbyggingar andre stader der tiltakshavar kjem med fagre lovnadar som dei bryt med eit pennestrok. Der det vart hevda at vegane skulle liggje skånsamt i terrenget, men som no viser seg å skjere gjennom haug og hammar, utan noko som helst omsyn til andre ting enn rette strekk og lite vertikalkurvatur.
Vindturbinane med dagens teknologi er ikkje miljøvennlege. Ja dei vil truleg betale attende sitt co2 fotavtrykk, men miljøvern er meir enn berre co2, sjølv om det er ein av dei største utfordringane vi har per dags dato. Dei komposittmateriala vengjene er laga av lar seg ikkje resirkulere. Fundamenta til vindmøllene vil etterlate store sår i terrenget, som vil stå der i mannsaldrar før dei sakte forvitrar vekk, og etterlet seg metallrestar og anna skrap som vil vere til fare for dyr som vandrar forbi. Hydraulikk- og girolje som lekk ut er reelle farar for våtmarker, myrar, habitat og drikkevatn.
Areala som NVE har peika ut er og viktige drikkevasskjelder for heile kommunen. Det skal ikkje byggjast vindturbinar som kan truge noko av det reinaste og best smakande drikkevatnet i landet.
Det blir lova at ein skal setje av midlar til å rette opp i terrenget etter at vindturbinane er utrangerte. Men det er ikkje lovnadar nokon held noko lit til. Det er og lite framtidsretta å lage store uopprettelege sår i landskapet for tiltak som har ei levetid på 20-30 år.
Kvinnherad er dessutan allereie ein stor eksportør av kraft. Ein kan truleg oppnå mykje av dei samme resultata og energisparingstiltaka ein vil få ved vindturbiner gjennom å utbetre og oppgradere eksisterande vasskraftverk. Og det utan å øydeleggje ny natur. Senke skattlegginga av vasskraftverk, slik at det vert enklare å oppgradere dei vil vere eit godt og fornuftig tiltak. Desse anlegga er allereie modne, og naturen er på veg attende hit.
Dei feila som er gjort i fortida er det lite ein kan gjere med, utover å bøte på dei. Men det er særs uklokt å gjenta dei same feila når vi no veit betre. Galskap er å gjere ting på samme vis, men forvente eit nytt resultat. Ikkje gjenta feila våre forgangarar gjorde. Ta dei fornuftige og rette vala, som sikrar at vi kan ha ein storslått og livskraftig natur, der hubro, rype, folk, sau, salamander, frosk og anna flora og fauna kan leve i samkvem. Ikkje raser verdas flottaste hage!