Forsiden

Høringssvar fra Simon Andreas Systad Vold

Dato: 07.09.2019

Oppsummering

Eg er imot vindkraftutbygging fordi det vil ha for store negative konsekvensar for naturmangfaldet, liten positiv effekt CO2-utslepp, utgjer eit stort avfallsproblem, og vil påføre ein betrakteleg reduksjon i livskvaliteten. Reduksjonen i livskvalitet kan vere forårsaka direkte av vindturbinanes støy, skyggekast og øydelegging av naturopplevingar. Dei kan òg indirekte forårsake ubalanse i naturen, som fører til at artar som er plagsame for menneske (til dømes insekt og gnagarar) ikkje har naturleg fiendar (hovudsakleg fuglar og flaggermus).

Vindkrafta sin effekt på naturmangfald

Vindkraft går hardt utover naturmangfaldet. Spørsmålet er «i kor stor grad?». Dyra det har vore mest fokus på fram til no er fuglar og flaggermus. Særleg på grunn av at mange av dei føreslegne vindkraftverka skal stå i områder der det passarar trekkfugl. Det er veldokumentert at vindturbinar utgjer ein trussel mot både trekkande og stasjonære fuglar og flaggermus. Mange av desse er trua dyreartar, og saman påverka dei økosystem store delar av verda. For rovfugl er dette spesielt problematisk, fordi det vert mindre småfuglar å jakte på i tillegg til at dei står i fare for å bli drepne av vindturbinane. Men fuglar og flaggermus er ikkje dei einaste artane som vert påverka av vindturbinar.

Store mengder insekt vert drepne av vindkraft kvart år. Ei tysk studie viser at so mykje som 1200 tonn insekt vert drepne av vindturbinar kvart år i Tyskland. (06.09.19: https://www.nrk.no/norge/tysk-vindkraft-dreper-1200-tonn-insekter-arlig-1.14565780) Desse insekta er ein viktig del av økosystem som er fjern og nær vindturbinar. Dei er mat for fuglar, froskar, padder, firfisler, salamandrar, større insekt, fiskar, og flaggermus. Desse artane er igjen mat for mårdyr, revar, rovfuglar og ormar. Alle artane er igjen med å bestøve plantar og gjødsle jorda.

Det er tydeleg at vindmøller har ein negativ effekt på økosystem. Vindkraftutbyggjaren Zephyr har vist til forsking som forsøker å kvantifisere denne effekten. (06.09.19: https://www.nrk.no/norge/faktisk.no_-syv-sporsmal-og-svar-om-vindmoller-1.14618613) Denne forskinga gjeld fyrst og fremst for USA. Eit land som har ein heilt annan topografi enn Norge, og der vindturbinane er utbygt i områder som er sterkt prega av landbruk og dyrka mark. Dyrelivet der har ikkje fått utfalde seg i like stor grad som i Norge. Vindkraft utgjer heller ikkje like stor del av USAs straumproduksjon (mellom 6% og 7%), som det er føreslege at Norges vindkraftproduksjon skal gjere. Hadde forutsetningane for denne studien vore relevante for planane for vindkraftutbygging i Norge, ville anslaget på drepne fuglar vore annleis. (Eg trur det hadde vore høgare.) Denne studien differensierer heller ikkje mellom artar. Den seier at fugl er fugl, anten den er raudelista eller ei. Sist, men ikkje minst, står følgjande i artikkelen: «Regnestykket beskrives imidlertid som preliminært, og det understrekes i studien at det er usikkerhet knyttet til funnene.».

Vindkrafta sin effekt på landets innbyggarar

For landets innbyggarar har det blitt sett lys fleire problem direkte forårsaka av vindkraft; støy, skyggekast, og problem med å ta i bruk utmark som beite for sauer, geiter og storfe. Eg vil belyse eit anna problem; auke i talet på gnagarar og insekt. Rovfugl er viktig for å halde bestanden av gnagarar nede. Gnagarar kan påføre bygningar skader, samt at dei kan spreie sjukdomar som harepest. Mange andre fuglar og flaggermus lever av å ete insekt. Sjølv om vindturbinar tek livet av mykje insekt, er ikkje dette nødvendigvis i nærleiken av der folk bur, og dei kan ta livet av fuglar som berre skal passere vindturbinens plassering. Taksvala er eit døme på ein sånn fugl. Mange taksvaler flyr mellom Norge og Afrika kvart år. Som namnet tilseier, bygger dei reir oppunder tak i nærleiken av der folk er busett. Dei et mange insekt kvart år, som elles kan vere ei plage for menneske. Dette er ikkje dei same insekta som vil bli drepne av vindturbinar i Norge, sidan vindturbinane som er planlagt ikkje skal byggast rett ved busetnad.

Tidlegare har eg påpeika dei potensielle negative konsekvensane av vindkraft for naturmangfaldet i verda, og korleis det å fjerne nokre artar kan øydelegge store økosystem. Det vil gjere det vanskelegare for menneske å hauste naturens godar, som fisk, sopp og bær. Plantane er avhengige av gjødsling og bestøving frå insekt, medan fiskar har ein diett der insekt er ein viktig del. Eit anna viktig problem er tap av naturopplevingar. Landskapet vert øydelagt og artsmangfaldet forsvinn. Dette kan ikkje prissettast, og argumentet har difor ikkje blitt tatt seriøst.

Miljøproblem med vindkraft

I dag står me ovanfor fire store miljøproblem; tap av naturmangfald, overforbruk av ressursar, forsøpling og global oppvarming. Alle investeringar gjort for å løyse eit problem, har bidrege til å forverre eit eller fleire av dei andre problema. Vindturbinar, som tidlegare nemnt, bidreg tap av naturmangfald og forsøpling. Forsøplinga vert forårsaka av turbinblada, som ikkje kan brytast ned naturleg, eller gjenvinnast. Derfor vert dei grave ned i landfyllingar.

Men det er tiltak som løyser alle problema; redusert forbruk. Nordmenn har eit skyhøgt forbruk av so og seie alt, i høve til andre land. Det er fordi det er so billeg å forbruke, at me ikkje treng å tenke over det. Hadde det vore innført høgare moms drivstoff, kle, mat og ikkje minst straum, hadde forbruket gått ned. I dag er det nettleiga som utgjer størstedelen av «straumrekninga». Ho er fast og uavhengig av forbruket. Straumen derimot, vert betalt per brukte kWh. Han er so billeg at det knapt er noko poeng for forbrukarane å spare den. Hadde både straumforbruket og nettleiga vorte finansiert per brukte kWh, hadde nordmenn hatt mykje sterkare insentiv til å spare straum. Då hadde òg behovet for utbetring av overføringsnettet vorte betrakteleg lågare. Dessutan vil vindturbinar i Norge, med dei nye utlandskablane, føre til ein gjennomsnittleg lågare straumpris i Europa. Då vil det europeiske forbruket auke.

Andre løysingar på miljøproblema er ENØK-tiltak, som til dømes etterisolering av hus, utbygging av fjernvarmeanlegg, og vasskraftutbygging. Vasskraftutbygging har tidlegare vore vurdert, men fleire vil ha det til at potensial å auke produksjonen berre er på 5 TWh per år. Det kjem an på kva forutsetningar ein legg til grunn vidare utbygging av vasskraft. Desse forutsetningane er kva vassdrag som er verna, og kva utbyggingar som får subsidiar til utbygging. Eg meiner at utbygging av vasskraft kan gjennomførast med mindre sjenanse lokalbefolkninga og negative konsekvensar for naturmangfaldet, og med større samfunnsnytte, enn vindkraft. Dette kan gjerast ved å ikkje nytte heile vassføring til kraftproduksjon, ein kan bygge små demningar i vatn og tjørn for å auke regulerbarheita i kraftproduksjonen, og det kan nyttast i samband med flaumsikring.